September baud på mykje godvêr og fine temperaturar.
September baud på mykje godvêr og fine temperaturar. FOTO: Illustrasjonsfoto fra Åbødalen: Edita Gvozdaité

Fjerde varmaste september som er målt i Sauda

Årets niande månad var både varm og tørr, viser tal frå meteorologisk institutt.

Seks dagar kraup maksimumstemperaturen over 20-streken i månaden som gjekk, går det fram på nettstaden yr.no. Månadstemperaturen enda på 13,7 grader, 1,7 grader over normalen.

Bare tre gonger er det registrert høgare månadstemperatur i Sauda sidan temperaturmålingane starta i 1926. Sist gong var i 2006, med 14,0 grader, medan 1999 med sine 14,8 grader tronar øvst på lista.

Aller lengst steig kvikksølvet på månadens aller første dag, då den offisielle maksimumstemperaturen blei målt til 23,8 grader. Temperaturar som dette dukkar opp i september frå tid til annan. Rekorden er såpass fersk som frå 14. september 2016 og lyder på 26,5 grader.

Me må for øvrig tilbake til 1995 for å finna minusgrader i september, og kulderekorden stammar frå 28. september 1936 med minus 2,5 grader.

Trass i ein god innspurt, fell det i løpet av månaden bare 140,5 millimeter nedbør, som er 64 prosent av normalen. Historiske tal viser at det er store variasjonar i nedbørsmengd frå år til år i september. Rekorden? Etter den flotte sommaren i 2018 Sauda tilbake i rikeleg monn i september. Då kom det 498,7 millimeter nedbør!