Reidar Brendeland og saudasangen - det betyr allsong!Knut Atle M. Seim.
Prosjektkoret Trøkk bidrog med Vamp-låten "På bredden". Koret førebur ein eigen konsert med Vamplåtar i mars 2022.Knut Atle M. Seim.
Sauda Soul Children framførte Coldplay-låten Something just like this”, under leiing av Grete Kroka Landa.Knut Atle M. Seim.
Reidar Brendeland (70) pådrog seg allsang då Saudasangen avrunda nyopningsfesten i Sauda Klubb laurdag. Frå venstre ser me Knut Aabø, konferansier Tor Øyvind Skeiseid, Karl-Dag Kjosavik (delvis skjult), Reidar Brendeland, Ingrid Kjosavik, Aina Schøld og Aril Schøld.Knut Atle M. Seim.
Ordførar Asbjørn Birkeland og kulturhusleiar Astrid Espeland blei utfordra i ein litt spesiell quiz. Dei bestod prøven, og vann eit halvt års vedlikehaldsansvar for uteområdet på klubben i premie.Knut Atle M. Seim.
86 år gamle Per Ellingsen fortalde om si oppleving av Sauda Klubb då han kom til Sauda i 1960.Knut Atle M. Seim.
Karl-Dag Kjosavik, Ingrid Kjosavik, Aina Schøld og Aril Schøld, delar av vertskapet i Sauda Klubb, gleda publikum med fleire vakre, musikalske innslag.Knut Atle M. Seim.
"Seint, men ikke sova, spøtt pinnen ut. Ikke sjå opp, få med siste ordet"Nils Kristen Herheim framførte Kjartan Fløgstads "Ittepå imårå", med tonar av Oskar Waage-Pettersen.Knut Atle M. Seim.
Kjærsti Skorpe (frå venstre), Ingeborg F. Saua og Berit Fløgstad frå Sauda revy- og teaterlag song om livet som funksjonærfrue».Knut Atle M. Seim.
Mannen bak Lunch», Børge Lund, (frå Herheimsmoen!), stilte med eit eksklusivt trykk av ei teikneseriestripe med umiskjennelege referansar til Sauda Klubb – eller i alle fall noko svært nær.Knut Atle M. Seim.
Endeleg fekk Reidar (70) spela på Klubben
Reidar Brendeland var blant gjestene på scenen då nyrenoverte Sauda Klubb offisielt blei opna i helga. Den 70 år gamle artisten, som blei utnemnd til æresborgar i Sauda i 2015, hadde aldri spelt på klubben før.