Hovudpersonane på sogelagsmøtet, frå venstra: Johannes Brekke, Bjarte Birkeland, Gerd Astrid Melstveit, Vrål Øverland og Lars Olav Fatland.
Hovudpersonane på sogelagsmøtet, frå venstra: Johannes Brekke, Bjarte Birkeland, Gerd Astrid Melstveit, Vrål Øverland og Lars Olav Fatland. FOTO: Privat.

Den gamle bondekulturen i sogelaget

Dei 110 frammøtte fekk nok ein gong valuta for inngangsbilletten i Folkets Hus då Lars Olav Fatland losa oss trygt gjennom den gamle bondekulturen. Han innleia sjølv ved å gi eit grovriss frå ca. 1800 med folkevekst, fleirsonsproblem, oppdeling, husmannsvesen, sosiale skilje og utvandring til Amerika som nøkkelord.

Neste bolk handla om ny kunnskap, landbruksskular og industialisering rundt 1900 med ny giv, optimisme og fleire bein å stå på. Etter krigar og børskrakk kom så velferdsstaten på 60-70-talet, og bøndene møtte misnøye, ambisiøse krav og stordrift med store investeringar. Den teknologiske utviklinga med traktorar og maskinar blei konkretisert med Alfred Handeland som kjøpte den første traktoren i bygda i 1948.

Så fekk Johannes Brekke ordet, og han fortalde først om besteforeldra som gifta seg i 1878 og fekk 12 ungar. «Bestefar drog til Montana og arbeidde der i seks år før han kom heim og bygde huset på garden. Bestemor følgde alle dei fem sønene til Brekke og tok farvel før dei reiste til USA, og dei fire brørne til far såg ho aldri igjen. Bondekona hadde mange plikter og var ansvarleg for familieauke, melking, hesjing og raking. Utan kone var det gjerne ei søster eller tenestejente som budde med bonden livet ut. På 70-talet blei det lovleg å skriva inntekt på kona, men dei blei likevel minstepensjonistar.»

Stafettpinnen gjekk så til Gerd Astrid Melstveit som vaks opp i Svandal med far frå Djuv og mor frå Amdal. Å koma til ein gard som kone med sine eigne (u)vanar kunne nok vera utfordrande i ei tid der salting, tørking og hermetisering var like viktig som å dyrka poteter, gulerøter, kålrot, plommer og bær. Dei slakta sjølvsagt heime, rørte blod og nytta absolutt alt, og fisk var naturleg nok sjeldan kost. Flatbrød blei brukt dagleg, og kråtakaker var også kvardagskost. Dravle, lefse og vaffel var jamt på bordet, og i slåtten var det syrekake, skjør (surmelk) og slåttegraut. Fast sengmat var smørgraut, og det kunne nok bli i meste laget for nokon kvar. Til bryllaup var det ferskt kjøt, ofte med suppe som forrett, og etter gravferd var det viktig å fordela restane rettferdig.

Etter den tradisjonelle matpausen kom Vrål Øverland fram til scenen kor han hadde plassert mange ulike gamle reiskapar/bruksting. Tresko, løypestav (skistav) og hegl til å kneppa tauet med, kjende nok dei fleste frå tidlegare, men meir ukjend var napparen til å ta høyet med og pusten til å slå kornet. Vrål fortalde også entusiastisk om «kaffirøraren» før han demonstrerte eit effektivt fugleskremsel med lyd.

Bjarte Birkeland fortalde om heiaslåtten kor bøndene tidlegare henta ein del av vinterfòret. På Hingarden hadde dei 15 slåtter, og det var viktig for slåttekaren og dei to «rakstejentene» å få alt av utstyr og mat med kløvhesten. I fint ver og god tørk kunne heiaslåtten vera koseleg, men desto utrivelegare i regn og vind. Å trilla høyrodder nedover bratt og ulendt terreng og vidare på slede var ikkje spøk, noko danske Marius Berg klart hadde gitt uttrykk for då han som dreng opplevde dette. Bjarte konkluderte med at det sikkert hadde vore lurare å dyrka meir jord heime og fått meir intensiv drift i staden for å slita seg ut på heiaslåtten som dei slutta med i 1957. Johannes Brekke repliserte at han hadde slått på Brekkeheia heilt fram til 1965.

Ordstyrar, Lars Olav, runda av kvelden på ein framifrå måte ved å samanlikna arbeidsfellesskapen med tre generasjonar på Fatland med dagens einsame bonde. Det var stas for ein gutunge å sjå namnet sitt på vaktlista for lemminga og ha kjensla av å delta i Det Store Spelet som Tarjei Vesaas har skrive om. Det blei mykje ljåslått og lite bading om sommaren, men desto betre med høyet i hus når lyn og torden kom innover Hylsfjorden. Eit høgdepunkt var fjellturar med faren for å sjå etter sauene og slappa av med kvar sin sardinboks til nista, for ikkje å snakka om då mora kom på skogen med varm ertesuppe. Å nytta tida var viktig medan ferie og fritid var det lite snakk om. Om hausten var det travelt å vera fruktbonde, og ein måtte alltid vera klar for å ta eit tak. Ein liten gut kunne også sjekka lommeboka til far for å finna ut om ho var slunken eller velfylt, og Lars Olav viste seg tidleg som «gründer» ved å starta hønseri og levera foreldra egg til skyhøg pris.

Med sin kunnskap og kompetanse var han også innom tidlegare kontaktflater mellom bønder og Folkets Hus. Framtida blei nemnt med stikkorda nedlegging, rekruttering, økonomi og berekraft. Han drog også inn den språklege grunnstammen for kveldens forteljarar og korleis språket har forma bondekulturen. Jamvel ein fanatisk riksmålsmann ville hatt stor glede av å lytta til Lars Olav og nynorsken hans.