For dei som kjem etter oss

Kva tidsperspektiv kan ein forventa at lokale folkevalde har når fellesskapen sine pengar skal forvaltast? Eitt år? Fire år? Tretti år? Historia viser at det nesten utelukkande er neste års budsjett som er i fokus når budsjett og økonomiplan står på dagsordenen. Det er i høgste grad forståeleg, men like fullt betenkeleg.

Sauda kommune kan kvart år bokføra fleire titals millionar kroner i kraftrelaterte inntekter. I 2022 passerer denne inntektsposten for første gong 100 millionar kroner. Dessverre går svært mykje av kraftpengane i det store sluket, utan at saudabuen synest å bli spesielt mykje lukkelegare enn innbyggarane i samanliknbare kommunar som ikkje har ein tilsvarande straum av pengar å bruka på å produsera tenester til dei som bur der.

«Dessverre går svært mykje av kraftpengane i det store sluket»

Problemstillinga med kraftpengane som forsvann er velkjend og noko rådmann etter rådmann har gjort lokalpolitikarane merksame på. Det blir rett nok brukt meir kraftpengar som såkorn i ny næringsutvikling i dag enn for nokre år sidan, men i det store og heile går pengane inn i tenesteproduksjonen.

«Ei vurdering av nå-situasjonen utan historiske avgrensingar og innspel til sparetiltak utan omsyn til politiske føringar bør vera av interesse»

Engasjementet av det kjende rådgivingsselskapet Pwc til å gå drifta av Sauda kommune nærare etter i saumane er eit godt grep for å skaffa seg betre kunnskap om kommuneøkonomien. Ei vurdering av nå-situasjonen utan historiske avgrensingar og innspel til sparetiltak utan omsyn til politiske føringar bør vera av interesse for alle med meiningar om kommunal forvalting.

Det bør også innspelet om å bruka delar av kraftinntektene til etablering av Sauda sitt eige «oljefond», eller kraftfond, som blir ei meir korrekt nemning. Ved å overføra delar av dei kraftrelaterte inntektene til fondet kvart år og forvalta midlane med god avkastning som mål, vil Sauda kommune om nokre tiår kunna henta inntekter lik dagens kraftinntekter bare frå avkastninga, samtidig som fondet veks seg større. Slik som oljefondet, eller Statens pensjonsfond utland, som er det offisielle namnet, eller den lokale Sparebankstiftelsen Sauda, for den del.

Før eit kraftfond kan realiserast, krevst det både mot og kløkt frå dagens folkevalde. Fleire av spareforslaga frå PwC, som kan vera med og skapa rom for sparing i eit kraftfond, er både omfattande og utfordrande og kjem neppe til å bli gjennomført. Ideen om å setta av pengar til dei som kjem etter oss er likevel så spennande at han bør greiast ut og behandlast politisk.