Treng kontortilsette på rådhuset kvar sin kvadratmeter med garderobeplass, eller held det med knaggar og hyller på kontora – og litt garderobeplass på deling? Kommunen håpar at Arbeidstilsynet ser at garderobebehovet er lite i rådhusbygget.
Colourbox.
Kommunen i dialog med Arbeidstilsynet – står fast på garderobeplanen i rådhuset
Arbeidstilsynet har meint at alle 41 tilsette på rådhuset må ha kvar sin 1,1 kvadratmeter med garderobeplass. Kommunen meiner dei tilsette kan dela på 9,8 kvadratmeter garderobeanlegg – og at det held med knaggar på kontora og hyller i kontorlandskapa.