Saueull som ikkje kan nyttast til garn vert no testa som fyllmasse på turstiar på Jæren.
Saueull som ikkje kan nyttast til garn vert no testa som fyllmasse på turstiar på Jæren. FOTO: Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK

Saueull blir testa ut i turstiprosjekt på Jæren

På Jæren blir det no lagt saueull på turstiar i eit prosjekt for å erstatte fiberduk på dei våtaste partia.

Førebels er det på stiar ut mot havet på Vistnes i Randaberg at Jæren friluftsråd testar ut det nye konseptet, fortel Stavanger Aftenblad.

Det er ull som vanlegvis blir vraka som vert lagt direkte ned i jorda for å erstatte fiberduk. På ei strekning er torv spadd vekk, og ulla er lagt rett ned i grøfta med eit lag sand over seg. På ei anna strekning er ulla lagt rett på bakken med berre torv over, og der vil du aldri sjå at du går på ull.

Ein vonar ulla skal feste seg i små sediment og hindre at eit vanleg gruslag forsvinn ned i bakken. Over tid skal underlaget både bli hardt og godt eigna som sti for turgåarar, ifølgje erfaringar som visstnok først blei gjort av romarane då dei laga stiar for hestane og vognene sine til erobringa av Europa.

Sidan er slike stiar følgde opp med gode resultat i Nord-Irland. Ull inngår også i eit EU-prosjekt om ferdsel i sårbar natur. Her i landet er metoden prøvd i Hordaland, ved Buerbreen og ved stien til Trolltunga – og no har Sparebankstiftelsen SR-Bank bidratt med 170.000 kroner på eit testfelt på Jæren.

(©NPK)