Eit botnlaust hol

Steinblokka som hamna i vegbana ved Nesbakken tysdag kveld er ei nesten 50 tonn tung stadfesting av at arbeidet med å ras-sikra norske vegar er eit nærast endelaust kapittel.

Bare på fylkesveg 520 vitnar tallause nett og boltar i vegskjeringar om at det for så vidt ikkje har stått på innsatsen. Likevel kjem det nye steinsprang og nye blokker dettande, på stadig nye stader.

«arbeidet med å ras-sikra norske vegar er på langt nær eit endelaust kapittel»

I slutten av oktober gjekk eit stort ras på Rv 13, like vest for Lovraeidet i Suldal kommune. Raset, som framleis er til hinder for trafikken, føyer seg inn i ei nær tallaus rekke av ras i dette området. Etter planen skal vegen forbi delar av den mest rasutsette strekninga, Rødsliane, leggast i tunnel. Men ikkje ennå. På Fv 520 har den flaumstore Svandalsfossen ved fleire høve isolert Sauda frå omverda. Utanom å stilla opp folk til å dirigera trafikken ved dei mest ekstreme flaumtoppane, er tiltaket så langt montering av mildt sagt vêrsjuke leielys, som visstnok ikkje tålar vatn særleg godt.

Dei trafikale konsekvensane av eit ras ved Lovra, flaum i Svandalsfossen eller ei 50 tonn stor steinblokk på den einaste bilvegen mellom Sauda og Saudasjøen skapar sjølvsagt vanskar for dei vegfarande. Dette er likevel for bagatellar å rekna. I yttarste fall kan ein stengt veg gjennom fossen gi fatale følger til dømes for ein som treng helsehjelp som ikkje finst lokalt. Konsekvensane av eit steinras over vegen er det lett å tenka seg til. Og her ferdast altså skuleelevar og arbeidsfolk dagleg, på hjul langs riksveg 13 og på hjul eller til fots forbi Nesbakken, der det passerer mellom 3 000 og 3 500 kjøretøy i døgnet.

«Behovet for pengar til ytterlegare sikring av vegane våre er som eit botnlaust hol.»

Behovet for pengar til ytterlegare sikring av vegane våre er som eit botnlaust hol og kampen om kronene hard. Og sjølv om politikarane som har makt og mynde til å gjera noko med det seier dei forstår, har dei færraste av dei kjent på frykta over kvar dag å måtta senda ungane sine forbi der det nettopp gjekk ras.

Det kan sjølvsagt vera frustrerande og irriterande når rushtrafikken sniglar seg av garde på motorvegen på veg heim frå arbeid ein ettermiddag. Redsla hos dei som ventar ungane heim frå skulen forbi ras-utsette vegar i distrikta burde likevel vera argument i ein annan divisjon når det kjem til prioritering av pengar til veg.