Innfører ikkje koronapass i Sauda
Regjeringa opna fredag for lokal innføring av koronapass i Norge. Tiltaket er eitt av fleire tiltak for å få ned smittetala nasjonalt. Foreløpig er det ikkje aktuelt å innføre koronapass i Sauda.
Regjeringa og Folkehelseinstituttet (FHI) presenterte fredag ettermiddag i ein pressekonferanse nye nasjonale tiltak for å få ned den stadig aukande smitten i Norge. Tiltaka var mellom anna ei innstramming av dagens testkrav, nye reglar for uvaksinert helsepersonell, tilbod om ”booster”-vaksinedose til alle over 18 år, samt innføring av koronapass i dei kommunane som ser behov for dette.
Koronapass blir automatisk oppretta for alle som er fullvaksinerte eller har hatt dokumentert koronasjukdom, og kan lastast ned på smarttelefon for framvisning der dette er krevd. Det gjeld normalt på konsertar, restaurantar, teater, idrettsarrangement og utestader. Personar utan gyldig koronapass vil då bli nekta adgang.
Uvaksinerte som ønsker tilgang på desse stadene, må la seg koronateste for å få eit midlertidig koronapass. Dette er imidlertid bare gyldig i få dagar.
Kommuneoverlege Knut A. Omdal seier fredag til Ryfylke at det per i dag ikkje er aktuelt å innføre krav til koronapass i Sauda.
– Smitten er framleis låg i Sauda, og så lenge vi har denne situasjonen, er det ikkje nødvendig å innføre koronapass. Men det kan endre seg, seier han.
Smittevernråda viktig
Omdal peiker spesielt på den stadig aukande smitten i dei ytre delane av fylket. Spesielt på Haugalandet har smitten dei seinaste vekene vore kraftig aukande.
– Vi kjem til å følge nøye med på situasjonen, og er førebudd på å iverksette tiltak på kort varsel. Situasjonen er veldig latent, og kan endre seg raskt. Då kan det bli aktuelt med koronapass også her. For å unngå dette eller andre tiltak fram mot jul, vil eg gi ei sterk oppfordring til å følge dei smittevernråda som gjeld. Disse finn ein på kommunens eigne heimesider, seier han.
Kommuneoverlegen trekk fram to smittevernråd som heilt avgjerande i denne samanhengen, nemlig generell avstand til andre, samt å halde seg heime ved luftvegssymptom.
Omdal var fredag i Danmark på ferie, og i dette landet blei koronapass innført nasjonalt same dag.
– Ja, her må eg framvise koronapass på både restaurantar, kino og mange andre stader, seier han til slutt.