Straum er samfunnskritisk infrastruktur

Ope brev til finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Minister, i valkampen sa du at politikarar er folkets tenarar. No er du i posisjon til å følgja opp orda dine.

I desse dagar kjem straumrekninga for oktober, med ein sluttsum som ligg skyhøgt over alt me har sett tidlegare. Endåtil seier ekspertane at straumprisen berre vil halda fram med å auka. Denne prisauken driv òg opp prisane på mat, transport og ei rekkje område elles.

Ja, nokre skal få auka bustøtte. Ja, den jamne forbrukar elles skal få tre-fire hundre kroner gjennom året i redusert elavgift. Nei, det hjelper i lita grad minstepensjonistar, lågtløna, uføre og einslege forsørgjarar som ser tusenlappane fyka ut av kontoen og ottast for korleis dei skal makta å spara inn nok til neste straumrekning. Det er heller eit første, kortsiktig tiltak.

Så har me kablane til utlandet, elektrifiseringa av sokkelen, Acer-avtalen, vindturbinane – og så bortetter. Gjort mogleg av politiske val. Og så er me straumkundar pålagd ei rad avgifter og påslag. Politiske val kan gjerast om. Avtalar kan seiast opp. Avgifter kan kuttast, eller aller helst fjernast. Om den politiske viljen er der. Den komande effektavgifta må stoppast.

Minister: Ta grep som verkeleg monnar for folk flest. På kort og lang sikt. Erklær straum som samfunnskritisk, nasjonal infrastruktur og nytt deg av det politiske handlingsrommet dette gir.