Fornuftig unntak

Innføringa av fråversregelen i den vidaregåande skulen i 2016 har i det store og heile gitt positive resultat. Trass i suksessen, synest det likevel fornuftig å setta det nye fråversregimet på pause når nye, høge smittetal igjen utfordrar både helsevesenet og samfunnet for øvrig.

«fornuftig å setta det nye fråversregimet på pause»

Protestane uteblei ikkje då Solberg-regjeringa hausten 2016 innførte ei grense på ti prosent fråvere for at elevar i den vidaregåande skulen skal få standpunktkarakter i eit fag. Det var heller ikkje lenger tilstrekkeleg at foreldra til eleven, eventuelt eleven sjølv dersom denne var myndig, dokumenterte sjukefråvere – ein måtte stilla med legeerklæring for å unngå at fråveret blir sett på som ulovleg. – Mistillit mot eleven, blei det hevda frå fleire hald. Forståeleg nok.

«regelen har ført til høgare oppmøteprosent og betre eksamensresultat»

Sommaren 2020 la forskingsorganisasjonen Fafo fram ein rapport som viste at regelen har ført til høgare oppmøteprosent og betre eksamensresultat. Dermed har styresmaktene oppnådd mykje av det dei ønska med å innføra ein slik regel. Kritikken mot fråversregelen har mellom anna gått på at han er for rigid og lite fleksibel. I Fafo-rapporten blir det mellom anna uttrykt uro over oppfølginga av elevar i sårbare situasjonar. Forskarane slår imidlertid fast at regelen verken er problemet eller løysinga for desse elevane, som ofte har meir omfattande problem.

Då koronapandemien trefte Norge i mars 2020, blei kravet om legeerklæring ved sjukdomsfråvere i den vidaregåande skulen sett til side. Unntaket blei avvikla frå 11. oktober 2021, men innført igjen sist veke. Ut frå smitteutviklinga dei siste vekene, synest dette å vera ei klok avgjerd, all den tid hovudårsaka bak dette tiltaket er å frigi ressursar i helsevesenet, slik at dei kan bruka kreftene å yta hjelp til personar som faktisk treng det. Vidareføringa av unntaket er elles eit godt eksempel på vilje frå styresmaktene til å visa fleksibilitet i handhevinga av fråversreglane.

Nyleg vedtok fylkestinget i Rogaland å søka Kunnskapsdepartementet om å få prøva ut ei ordning der kjøretøyopplæring på trafikkskule ikkje skal gi fråvere ved den vidaregåande skulen. Ei slik ordning vil utan tvil kompensera noko for ein streng fråversregel. Spesielt gjeld dette ute i distrikta, der store avstandar og fråvere av kollektivtilbod gjer behovet for førarkort størst. Eit slik konkret og målretta tiltak fortener å få ein sjanse.