Også i år vil Ivar Atle Fjordheim vera instruktør for Sauda musikkorps si seminarhelg.
Også i år vil Ivar Atle Fjordheim vera instruktør for Sauda musikkorps si seminarhelg. FOTO: Ingvil Bakka/arkiv.

Avsluttar seminarhelg med konsert

Søndag 21 november kan du få oppleva noko sjeldent i Sauda, nemlig korpskonsert!

Sauda musikkorps skal ha seminar helga 19-21 november, og me avslutte det heila med ein konsert i Nye Salen på Folkets Hus på søndag 21 november. Korpset har ikkje vore aktivt under Covid-19 epidemien, men me har vore ein liten gjeng som har spelt for dei som bur på Høllandstunet og Åbøtunet ved fleire anledningar. 8. mai i år vart ein av dei dagane, og det var utrulig kjekt å komma til Åbøtunet der det var pynta med flagg, veldig mange satt ute og venta på oss. Det varma, og mange glade ansikt overalt.
Som i fjor skal Ivar Atle Fjordheim vera instruktør. Han speler til dagleg i slagverkgruppa til Stavanger Symfoniorkester og er dirigent for Hillevåg Veterankorps.

Programmet er variert og spennet er stort, ABBA i eine enden mot salmer i andre enden, og inni der pittelitt Beatles, marsjar mm.

Me håpe på at det blir eit stort publikum som har lyst til å ta middag eller kaffi på Kraft kafe før konserten. Det blir ein liten pause der det óg går an å få seg ein kaffikopp.

Så avslutt helga med ein liten konsert i lag med oss. Hjertelig velkommen!