Her gir Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag stafettpinnen til ordførar Asbjørn Birkeland.
Her gir Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag stafettpinnen til ordførar Asbjørn Birkeland. FOTO: Ingar Arnøy, Noregs Mållag.

Nynorskstafetten i Sauda

Fredag 12. november var Noregs Mållag på besøk i Sauda.

– Besøket var ein del av «Nynorskstafetten», ei årviss reise me har i eit avgrensa område kvart år, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Saman med leiaren i Norsk Målungdom, Frida Mikkelsen og Sauda Mållag, møtte me ordførar og oppvekstsjef, rektor og lærarar på ungdomsskulen og leiinga ved Sauda vidaregåande skule.

Mikkelsen heldt føredrag og samtala med skuleklassar på Sauda vgs.

– Føremålet vårt med dette besøket er å læra meir om korleis det er å vera ein nynorskkommune, ein nynorskskule og å vera nynorskelev. Det er andre vilkår for å vera nynorskkommune enn bokmålskommune, seier Endresen.

Og sameleis for nynorskelevar: Fordi nynorskelevane møter hovudmålet sitt mykje mindre utanfor skulen enn det bokmålselevar gjer, påverkar det vilkåra til elevane for å bli trygge i språket sitt. Ein viktig arena frametter for å styrkja vilkåra for å vera eit nynorsk lokalsamfunn, er den fyrste språkopplæringa som skjer før borna tek til i skulen – barnehagen. I dag er mest alle ungar i barnehage før skulealder og det opnar for ei mogleg medviten og langsiktig språkopplæring som kan førebu borna på at dei skal bli nynorskelevar.

– Det vil gjera det mykje lettare over tid å sikra at elevane blir trygge i hovudmålet sitt og dermed gjera det lettare å vera ein nynorskskule og jamvel ein nynorsk kommune, seier Endresen.

– Det er kjekt og inspirerande å få vera med på Nynorskstafetten, seier Terje Fatland, leiar i Sauda Mållag.

– Me har mange oppgåver å arbeida med og me ser fram til eit godt samarbeid med kommunen for å styrkja vilkåra for nynorsk i Sauda, seier Fatland.