Saudabilete i sogelaget

Komande tysdag vitjar lokalhistorikaren Sigmund Birkeland Sauda sogelag.

Birkeland kjem heilt frå Egersund. Med seg i kofferten har han ei unik biletsamling som vil vere av interesse for dei fleste her i Sauda. Sigmund Birkeland har nemleg digitalisert bilete som far hans, Peder Birkeland tok då han budde her, frå 1953 til 1961. Det året flytta familien til Egersund. Seinare var dei tilbake i Sauda i mest alle feriane. Og den ivrige amatørfotografen, fader Peder, hadde alltid med seg fotoapparatet. Dei fleste bileta vi får sjå er frå 1960- og 70-talet.

– Når eg sit og ser på desse bileta, ser eg den store utviklinga som bygda har vore gjennom. Eg har mange gode minne frå Sauda frå då eg var liten gut og fram til vaksen alder, seier Sigmund Birkeland nå.

Sigmund Birkeland har gitt ut fleire lokalhistoriske bøker i heimbyen, og han har halde mange lokalhistoriske foredrag. Så det er ein røynd foredragshaldar som kjem til Folkets Hus og sogelaget tysdag.

Etter den obligatoriske kaffipausen med noko å bite i, er det tid for å presentere Årsskrift for Sauda sogelag for 2021. Då vil skriftstyraren la møtelyden få eit liten smakebit av innhaldet i dei 21 artiklane i årboka.

Ver velkomne!