Frå 2015 til 2020 gjekk omsetninga av energidrikk i Noreg frå 19 til 55 millionar liter – nær ei tredobling på seks år.
Frå 2015 til 2020 gjekk omsetninga av energidrikk i Noreg frå 19 til 55 millionar liter – nær ei tredobling på seks år. FOTO: Illustrasjonsfoto: Heiko Junge/NTB NPK

«Kraftig auke» i energidrikk-bruken til barn og unge

Barn og unge drikk meir energidrikk enn før. Forbrukarrådet fryktar søvnforstyrringar og andre helseproblem, og etterlyser igjen ei aldersgrense.

– Etter ein nedgang i 2019, ser vi no ein kraftig auke i forbruk. Det er særleg urovekkjande å sjå utviklinga blant dei yngste barna i undersøkinga, der ein av fire i alderen ti til tolv år som oppgir å drikke energidrikk, seier dei gjer det kvar veke, seier administrerande direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Auken er størst blant jenter og i yngre aldersgrupper. 43 prosent av dei som drikk energidrikk, gjer det kvar veke, viser kartlegginga frå i vår.

Frå 2015 til 2020 gjekk den totale omsetninga av energidrikk i Noreg frå 19 til 55 millionar liter – nær ei tredobling på seks år.

Blyverket meiner styresmaktene no må innføre tiltak, og framhevar ønsket om 16 års aldersgrense. Direktøren er bekymra for at barn får i seg så mykje koffein:

– Barn har lågare tolegrense for koffein fordi dei har låg kroppsvekt. Dei risikerer dermed søvnforstyrringar og andre negative helseeffektar ved svært lågt inntak. I tillegg er det avhengnadsskapande, seier Blyverket.

(©NPK)