Viktige møteplassar

Julemarknader og andre marknadsarrangement byr ofte på spennande supplement til varer og tenester ein til dagleg handlar i butikk. Marknadskonseptet skaper imidlertid også uformelle rom der ein kan møta andre menneske og slå av ein prat, gjerne over ein kopp kaffi og noko attåt. Slike møteplassar er gull verd.

Den mørkaste årstida, den som me nå er på full fart inn i, er ekstra mørk for somme. Med korte og dels nedbørsrike dagar og temperaturar som kryp stadig nærare nullmerket, vel ein gjerne å halda seg innomhus, ofte utan anna selskap enn sitt eige. Det kan fort bli stusseleg.

«Marknadskonseptet skaper imidlertid også uformelle rom der ein kan møta andre menneske»

I Folkehelsemeldinga som kom i 2019, er førebygging av einsemd trekt fram som eitt av områda der det er behov for å forsterka innsatsen. Einsemd, og då den uønskte varianten, blir sett på som ei utfordring for folkehelsa og ein faktor som går ut over folk sin livskvalitet.

«Handlingsplanar og politiske vedtak kan i seg sjølv ikkje fjerna einsemd.»

Handlingsplanar og politiske vedtak kan i seg sjølv ikkje fjerna einsemd. Det kan òg diskuterast om særskilde, målretta tiltak vil ha den ønska effekten, all den tid einsemd framleis kan vera vanskeleg å snakka om, på lik linje med andre psykiske utfordringar. Det er ikkje bare enkelt å delta i samkome for einsame og bli plassert i ein slik bås.

Då er det langt enklare å stikka nasen innom julemessa i Saudahallen. Kanskje treff ein nokon ein kjenner og ikkje har drøsa med på ei stund, og kan ta ein kaffikopp saman med dei? Sannsynlegvis møter ein fleire ein er på hels med. Og som sender eit «hei» og eit smil i forbifarten. Uansett blir ein med i ein fellesskap, i alle fall for ei stund, slik at dagen blei litt mindre einsam og ganske mykje hyggelegare.

Denne «bonusen» er noko som oppstår der folk møtest. Det kan vera på eitt av dei mange opne arrangementa i regi av det frivillige Sauda. Eller arrangement med endå lågare terskel, som julemarknaden i Saudahallen, «Bønder i byn» og julegateopninga kommande helg. Dei som tar initiativ til og som står for desse arrangementa, og med det bidrar til å skapa gode, uformelle møteplassar for saudabuen, fortener eit solid klapp på skuldra.