– Dei tre som er smitta er mellom 20 og 50 år gamle, og vi har kontroll på smittevegane. Det dreier seg om smitte som har kome frå andre kommunar, og dei tre tilfella er heilt separate, opplyser kommuneoverlege Knut A. Omdal til Ryfylke.
Han seier vidare at det er fleire personar som er testa etter mistanke om koronasmitte, men skildrar smittevegane som under kontroll.
– Det er vaksinerte blant dei smitta, og det dreier seg ikkje om alvorleg sjukdom hos nokon av dei. At vi har fått ny smitte til Sauda er forventa, seier han.
Omdal slår fast at det førebels ikkje er aktuelt å innføre nye lokale forskrifter, trass i fleire nye tilfelle fredag.
– Nei, det er vedtatt av sentrale styresmakter at kvardagen skal vere normal også når det kjem smitte. Lokale forskrifter blir kun aktuelt om smittetrykket blir stort, seier han.