Gi dei ein sjans!

Julegateopninga kommande søndag markerer ikkje bare starten på adventstida, den er også ei påminning om at julehøgtida nærmar seg og at det er tid for julehandel. Kva med å først og fremst tenka lokalt når årets julegåver skal kjøpast inn?

I ei stadig meir digitalisert verd, er dei fleste varer bare eit par tastetrykk unna. I nettbutikkane kan ein handla når ein vil og ofte til gunstige prisar, noko som gjer konkurransen svært utfordrande for småbutikkane i ein sørvestnorsk småby. «Butikkar» utan butikklokale, bare eit lager, med heile verda som kundar, har sjølvsagt òg eit større utval enn fysiske butikkar har sjans til å ha. «Feige lag» ville me slått fast i løkkefotballens stordomstid for nokre tiår sidan. Trass i at 80- og 90-talets store, stygge handelsulv, handelslekkasjen til Haugesund, framleis lever, er det netthandelen som i dag er den store konkurrenten for den lokale handelsstanden.

«Kva med å først og fremst tenka lokalt når årets julegåver skal kjøpast inn?»

Ein treng ikkje vera patriot for å forstå at det ein sparer på å handla på nettet i dag, lett kan bli ei dårleg investering på lenger sikt. Butikkdød er absolutt eit kjent fenomen, både i Sauda og i landet elles. Hovudorganisasjonen Virke reknar med at så mange som 40 000 tilsette i varehandelen vil mista jobben som følge av nedleggingar det neste tiåret. Ein god julehandel utgjer ein stor del av årsomsetnaden i detaljhandelen og er viktig ikkje bare i Sauda, men i heile landet.

«Ein god julehandel utgjer ein stor del av årsomsetnaden i detaljhandelen»

Eit levande sentrum, med lys i butikkvindauga, er avhengig av at det finst handel. Då må både heil- og deltidsinnbyggarar kjenna si besøkelsestid. Det må også dei næringsdrivande. Det er deira eigen jobb å overtyda kundane om at pris, service og hyggelege handleopplevingar i sentrumsbutikken gir meir verdi enn tastehandelen heimefrå. I det reknestykket skal ein òg ta med at det er dei lokale butikkane som gir foreininga premiar til utloddingar, som gjerne gir lokal ungdom ein deltids- eller sommarjobb og som stiller velvillig opp og hjelper deg når vara du kjøpte ikkje var heilt som ho skulle.

Det er derfor slett ikkje sikkert at ei vare i nettbutikken er billegare enn den same vara i ein lokal butikk, sjølv om prislappen får det til å sjå slik ut. Sluttsummen blir opp til den enkelte å vurdera, men dei lokale butikkane fortener uansett ein sjanse, og gjerne under årets julehandel.