Me kan ikkje eksistere utan naturen. Likevel blir den øydelagt som aldri før. Dessverre er Ap-Sp-regjeringa si Hurdalsplattform ei oppskrift på meir nedbygging av natur. Fleire fossar skal leggast i røyr og statlege innvendingar ved nedbygging av natur skal det bli færre av.
For to veker sidan kom Ap-Sp-regjeringa med det første forslaget sitt til statsbudsjett. I budsjettet kuttar dei nesten ein tredel av midla til skogvern. Det er trist fordi mange trua artar lever i områda som skal vernast. Skogvernet er viktig for å ta vare på både urørd natur og det biologiske mangfaldet.
I dei fire åra Venstre var i den blågrøne regjeringa vart det verna 42 323 dekar med skog til naturreservat i Rogaland. Det betyr at Rogaland i 2018-2021 fekk skogvern tilsvarande 5 928 fotballbanar. I Sauda fekk me i fjor på plass utviding av Vikaneset naturreservat.
Det hadde aldri vorte så mykje vern av natur og biologisk mangfald utan Venstre. Me har trappa opp satsinga på skogvern kvart einaste år. Den nye rødgrå regjeringa til Ap og Sp går no dessverre i heilt feil retning.
Venstre meiner me treng fleire tiltak for å verne naturen. Det neste tiåret må ikkje berre bli tiåret der me oppnår store utsleppskutt. Det må òg bli det tiåret der me stansar tapet av natur. Dessverre tar no Ap og Sp oss feil veg både for klimaet og naturen.