Bør vurdera tiltak

Straumprisane har denne hausten stige til nye toppnivå. Måndag ettermiddag bikka prisen i eit par timar fem kroner per kilowattime.

Trass soleklar prisrekord er det slett ikkje sikkert me har sett toppen ennå. Alt tyder på at Ola og Kari Nordmann må bu seg på dyr straum heile vinteren. Det er ikkje uproblematisk.

«Ola og Kari Nordmann må bu seg på dyr straum heile vinteren»

I praksis betyr eit slikt prisnivå til dømes at det kosta nærare 30 kroner å ta seg ein timinuttars dusj mellom klokka 17 og 18 i går ettermiddag. For eitt år sidan kunne same dusjen gjerast unna for rundt ei krone. Straumen har i snitt vore meir enn ti gonger høgare i haust enn i 2020 og over dobbelt så høg som «dyre» 2019. Og då er ikkje prishoppet dei siste dagane med i reknestykket.

«det kosta nærare 30 kroner å ta seg ein timinuttars dusj mellom klokka 17 og 18 i går»

Årsaka til prishoppet er samansett. Ein kald vinter med høgt forbruk, lite vatn i kraftmagasina, uvanleg lite vind og nedbør, dyr gass og dyre CO2-kvotar er alle faktorar som speler inn. Til samanlikning var 2020 det varmaste året som er målt i Norge, det kom mykje nedbør og var mykje vind og på toppen av det heile bidrog avgrensa kapasitet på utanlandskablane til redusert eksport av overskotskraft. Apropos kablar; ifølge analysar gjort av NVE ville straumprisane i Norge variert langt meir enn i dag og vore vesentleg høgare om vinteren utan dei mykje diskuterte kablane.

Eit rekordhøgt prisnivå på ei så nødvendig vare som straum kjem sjølvsagt til å merkast for folk flest. Med snittprisar på opp mot to kroner per kilowattime, samtidig som vinteren er i ferd med å festa grepet, kjem mange norske hushald til å få straumrekningar som ligg fleire tusen kroner over det dei er vant til og førebudd på å betala. Ikkje alle har økonomi som tåler det.

Tidlegare i haust varsla den nye regjeringa at dei ønsker å setta av 2,9 milliardar kroner til å redusera elavgifta med høvesvis 8,0 og 1,5 øre per kilowattime om vinteren og resten av året. Ifølge finansminister Trygve Slagsvold Vedum ønska regjeringa med det å dempe ein del av utgiftene som går til staten i ei tid der straumrekninga er krevjande for folk.

Med dagens straumprisar har dette svært avgrensa effekt. Skal Vedum og regjeringa yta hjelp som verkeleg monnar må det kraftigare lut til, som til dømes å redusera meirverdiavgiftssatsen på straum – om enn for ein periode. Det ville vore ei flott førjulsgåve til norske hushaldningar.