Sauda kommune styrkar koronatest-apparatet dei neste dagane. 
Sauda kommune styrkar koronatest-apparatet dei neste dagane.  FOTO: Frank Waal

Sauda kommune oppretter drop-in teststasjon

Nå kan alle saudabuar møte opp for å få koronatest utan å bestille time først.

Frå og med onsdag 1. desember til og med søndag 5. desember vil Sauda kommune tilby drop-in koronatestar. Det betyr at alle som vil bare kan møte opp og få tatt ein koronatest. Tidlegare har ein vore nøydd for å avtale ein time for å bli testa.

Drop-in-teststasjonen blir oppretta ved Høllandsheimen. Sauda kommune presiserer at dette ikkje må forvekslast med Høllandstunet. Sauda kommune opplyser at teststasjonen vil vere godt merka. Med andre ord er det ikkje den eksisterande teststasjonen i brakka ved legesenteret som skal bli brukt til drop-in-testinga.

Ytterlegare seks personar har fått påvist koronasmitte i Sauda tysdag. Les meir om det her.

Teststasjonen på Høllandstunet vil vere ope frå klokka 09.00 til 13.00 og det er ikkje nødvendig å ringe for å bestille time før.

Alle som ønsker å la seg teste må ta med seg munnbind og eigen penn til registrering.

Det har dei siste dagane vore auka smittepress i Sauda.