Skulle me halda kjeft og håpa på det beste?

Terje Risvoll tar i Ryfylke den 26.november eit oppgjer med saudabuen i spørsmål om nedgang i folketalet og deira, etter hans meining, motvilje mot etablering av verksemder og nye tiltak av ymse slag. Terje er klar i sin dom: Det kan ikkje gå godt for korkje det eine eller andre slik me syt og klagar.

Mon det? For har ikkje Smelteverket, Si-glass og sandtak-verksemda på Birkeland (og sikkert andre med dei) utvikla seg til tross for all klaging og sutring? Saman med strengare miljø- og utsleppskrav har merksemd og kritikk frå naboar skapt levelege vilkår for alle partar. For til dømes oss i Hellandsbygd er nettopp slike ting svært viktige nå som etableringa av eit datasenter er i full gang. Me som bur her fryktar for at viftestøy kan ta frå oss gleda av å bu på ein slik stad, nemleg fred og ro. Skulle me då halda kjeft og håpa på det beste, slik helst Risvoll vil ha det, eller skulle me utfordra utbyggar på å finna løysingar som kunne tilfredsstilla alle partar? Svaret gir seg sjølv, skulle eg tru.

Det er elles å merka seg at Terje Risvoll i innlegget sin sinnar seg opp på folk som har meiningar om dette og hint. Han vil helst, høyrest det ut for, at folk skal teia om til dømes bråk og leven frå motocross, barnehagar, bade-  og idrettsanlegg. Kanskje kunne det vera ein tanke å gå nokre ekstra rundar med dei som bur nærast til slikt. Viktige ting som reell nytte for eit spesielt anlegg, avstandar frå næraste nabo, og ikkje minst reglar for bruk og planar for vedlikehald synest naturleg å avklara skikkeleg før ting blir starta på.

Også avbøtande tiltak, sjølvsagt, til eksempel noko så enkelt som å slå av ljoset til rett tid. I desse tider med svære og trugande epidemiar og uro av alle slag, trur eg at tida er inne for i alle fall klara opp i det som lett kunne la seg løysa med respekt for andre sine problem, store som små. Det vil tena både fysisk og psykisk helse. God jul!