Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. FOTO: Colourbox/Konstantin Yuganov.

Eit lite hjartesukk frå meg

Nå er smittetrenden atter ein gong stigande, og kurva brattare en nokon gong, også her i Sauda. Kommuneoverlegen har anbefalt bruk av munnbind lokalt i Sauda, og det er også ein nasjonal anbefaling om bruk av munnbind. På butikken onsdag såg eg ingen (!) med munnbind.

Det ser altså ut til at det er svært få som verken vil at smittetala skal synke, eller forstår at kvar og ein har eit ansvar. Det er lov å vere lei, men eg ville gått ein runde og to med meg sjølv neste gong eg vel å droppe sunn fornuft.

For dette er skremande. I mars 2020 var alle så fryktelig opptekne av å beskytte sine nære. Er dette gløymt? Ja, vaksina hjelper på, men ting blir betrakteleg mykje lettare om alle tar ansvaret sitt på alvor.

Bruk munnbind, vask hender, reduser nærkontaktar og nyt desember så godt det lar seg gjere!

Sist men ikkje minst! Det er ikkje flaut å bruka munnbind!