Ein lærepenge?

Massevaksineringa i Saudahallen torsdag sist veke gjekk ikkje heilt etter boka. Lang ventetid utandørs i desemberkulda og svært varierande fokus på smittevern, har ført til mange reaksjonar frå publikum.

I ettertid synest det klart at både arrangøren og dei som kom for å få tredje dose med Covid-19-vaksine kunne bidratt til ei smidigare avvikling.

«blitt vant til eit både saumlaust og effektivt opplegg rundt vaksineringa»

Torsdag var om lag 800 saudabuar invitert til ny vaksinerunde, for å få sin tredje dose. Rundt 600 hadde takka ja, dei øvrige hadde anten takka nei eller latt vera å svara. Dei som skulle få vaksinen, fekk tildelt klokkeslett for frammøte på Saudahallen. Gjennom fleire rundar med massevaksinering har saudabuen blitt vant til eit både saumlaust og effektivt opplegg rundt vaksineringa i Saudahallen. Sjølv dei som har møtt fram på ei anna tid enn dei har fått melding om, har sleppt til. Denne fleksibiliteten slo imidlertid tilbake på arrangøren sist torsdag.

Ein kan naturlegvis stilla spørsmål ved om kapasiteten til vaksineringa burde vore rigga for  litt meir enn dei 600 som skulle komma, for å handtera uføresette hendingar. Slik dei fleste av oss legg inn litt ekstra tid når me skal kjøra bil og nå ein avtale. Timeavtalane kunne også blitt handheva strengare, slik at dei som kom til rett tid slapp å venta så lenge før dei sleppte til. Men skulle ein då sendt heim igjen folk som alt hadde stått og venta ute i kulda? Korleis ville dette slått ut i høve til ønsket frå dei lokale styresmaktene om å få størst muleg vaksinasjonsgrad i befolkninga?

Hovudproblemet i samband med torsdagens vaksinasjonsøkt synest å vera uklar kommunikasjon. Når det dukkar opp meir enn 25 prosent fleire enn dei som har timeavtale, kan det ikkje ha kome klart nok fram at bare dei som svarer på innkallinga og stadfestar at dei vil ta imot vaksinetilbodet, skal møta.

«måtte sjølv tatt meir ansvar for å halda fornuftig avstand eller bruka munnbind»

I etterpåklokskapens lys synest både arrangør og publikum å ha hatt litt å gå på for å gjera vaksineringa på torsdag til ei betre oppleving. Dei som skal vaksinerast måtte sjølv tatt meir ansvar for å halda fornuftig avstand eller bruka munnbind i køen – som alle andre stader, og for å ha ignorert klokkeslettet dei skulle møta, slik mange gjorde. Kommunen kunne kommunisert endå meir og tydelegare, samstundes som publikum kunne tatt kontakt og dobbeltsjekka dersom noko var uklart.

Om det ikkje gjekk etter boka denne gongen, gir uansett siste vaksineringsrunde mykje god lærdom som vonleg kan komma til nytte ved neste krossveg.