Raude merke er veglys ute av drift, grøne merke viser lys som er reparerte.
Raude merke er veglys ute av drift, grøne merke viser lys som er reparerte. FOTO: Skjermdump frå hkraft.no

– Meld frå om mørke veglys

Haugaland Kraft-nettside viser lokal veglys-status.

Mange av gatelysa i Sauda er drifta av Haugaland Kraft, som dermed er ansvarleg for å reparera lys som ikkje verkar.

På kraftselskapet sine nettsider finst eit interaktivt kart der publikum kan klikka seg inn og enkelt melda frå om feil på lysa. Her går det også fram kva for lys andre har meldt frå om feil på, og om desse er reparert.

Kartet viser også kva lys som er Haugaland Kraft sitt ansvar og kva for nokon som blir drifta av andre, som Sauda kommune.