Ti år gamle Una ville spre litt juleglede og gi bort sjølvproduserte julestjerner. Fleire titals bestillingar rann inn på kort tid.
Ti år gamle Una ville spre litt juleglede og gi bort sjølvproduserte julestjerner. Fleire titals bestillingar rann inn på kort tid. FOTO: Privat.

Ville lage julestjerner for å gi dei bort:

Fekk 40 bestillingar på julestjerner

– Eg trudde ingen ville ha, seier ti år gamle Una.

Ti år gamle Una Bastlien har lært seg å lage julestjerner i papir. Da ho la ut bilde på Facebook av ei julestjerne, som på ingen måte står tilbake for julestjerner du kan kjøpe i butikk, tok det heilt av. I kommentarfeltet rann det inn med bestillingar og mykje skryt over kor flotte julestjernene var.

I løpet av 19 timar kom det inn 27 bestillingar. Eit par dager etter var antal bestillingar oppe i 40.

– Eg ville bare spre litt juleglede, derfor ønska eg å gi bort gratis. Men eg trudde ikkje nokon ville ha, seier den unge julestjerneprodusenten.

Mamma Åse ymta frampå etter kvart om at ho kanskje ikkje burde ta på seg fleire bestillingar, men fekk til svar at det gjekk heilt fint.

– Eg har tid til å drive med andre ting også. Eg sit ikkje heile tida og lagar julestjerner, seier Una.

Ho opplyser at ho oppdaga ein instruksjonsvideo på internett over korleis ein kan lage slike julestjerner, og bestemte seg for å prøve.

– Det går med åtte ark til ei julestjerne, forklarer ho.

På spørsmål om ho må kjøpe inn ein del ark for å dekke etterspørselen, opplyser ho at det ikkje er noko problem.

– Eg stel dei av pappa, smiler ho.

Blant dei mange bestillingane frå ulike privatpersonar, også folk som bur utanfor kommunegrensene, fekk ho i tillegg ei bestilling frå Sauda Skisenter. Una legg ikkje skjul på at ho synest det var litt ekstra gjevt at ei bedrift la inn ei bestilling.

– Dei fekk ei stor julestjerne. For å lage den måtte eg bruke store ark, forklarar ho.

Dei fleste har alt mottatt julestjernene og hengt dei opp.

– Da me var ute og kjørte i går kjørte me forbi eit hus der ei av julestjernene mine hang i vindauge. Det synest eg var litt kjekt, seier Una.