Sauda kommunes budsjett for 2022 og økonomiplan til 2025

Like sikkert som at jula kjem, skal kommunestyret kvart år vedta neste års budsjett og økonomiplan for dei fire neste åra i desember.

Lokalavisa vel, kanskje sjølvsagt, å fokusera på saker der partia er ueinige. Men budsjettet vart altså til slutt vedtatt av Sp, KrF og SV. Det er tre av fem parti og 13 av 19 representantar, altså eit bredt fleirtal av kommunestyret. Senterpartiet har vore den største pådrivaren for å få til eit breiast mogleg fleirtal for budsjettet. Det har vore møter med alle gruppeleiarane og mange samtalar på tvers av partia. Men Ap og Høgre valde dessverre å stå utanfor, og fekk då heller ikkje gjennomslag for sine saker.

Senterpartiet er opptatt av barn og unge, og me ønsker å behalda nærskulane og barnehagane i Sauda. Rådmannen ville i sitt forslag starta planlegging for å legga ned Rustå barnehage og å gå over til tredelt skule i Sauda, noko som og ville bety slutten for nærskule i heile Sauda og ingen skuletilbod ved Risvoll i Saudasjøen. Sp er glade for at SV og KrF støttar oss på å stoppe denne prosessen som både Arbeidarpartiet og Høgre ønska å starta i sine budsjett. I staden legg me inn ei satsing på aktivitetsparkar og uteområda ved skulane. Det er sett av eit stort beløp til dette i 2022, og potten er auka i heile økonomiplanperioden.

I budsjettvedtaket i fjor bestilte kommunestyret ein ekstern gjennomgang av drifta til kommunen. Det har resultert i ein rapport kalla Omstilling 2025. Rapporten gir oss mykje informasjon om korleis Sauda brukar pengane i drifta samanlikna med andre kommunar, og den kjem med 55 konkrete tiltak kommunen kan gjera for sikra ei berekraftig drift der ein ikkje er så avhengig av kraftinntekter som svingar mykje kvart år. Alle dei 55 tiltaka krev mykje arbeid og innsats for å innføra, derfor har Sp i lag med KrF og SV lagt inn ein ressurs som skal ha denne omstillinga som jobb, noko og Helse og Omsorg ønska i sitt budsjett, men som rådmannen ikkje hadde funne midlar til.

Helse og omsorg er eit satsingsområde i budsjettet til Sp, KrF og SV. Me har lagt inn midlar til å sertifisere Åbøtunet til livsgledeheim, noko Ap og Høgre ikkje prioriterte i sine budsjettforslag. Ein ønsker å behalda øyeblikkelig hjelp seng ved Sauda DMS. Det er ei satsing på bustadsattraktivitet der til dømes leilegheiter for utleige i sentrum vil vera noko mange eldre kan nyta godt av. Me prioriterer og å skyva fram utbygginga ved Åbøtunet til 2023, og det skal startast bygging av fem nye leilegheiter i Torsveien, der dei første skal vera ferdige til 2023.

Me vil satsa vidare på Syklande Sauda, som kommunestyret stod samla bak. Med budsjettforslaget til Sp, KrF og SV sikrar me midlar til handlingsplanen og me vil bygga ein trygg gang- og sykkelveg mellom Søndenålia og Åbøbyen. I tillegg vil me satsa på kultur og frivilligheit som kjem både unge og gamle til gode. Kinosalen skal oppgraderast og me vil ha Frilager for fritidsutstyr til Sauda som kan brukast av alle. Me fortset utviklinga av Saudahallen, utbygging av fjernvarme og sentrumsutvikling med vidareføring av prosjektet Sydande Sauda. Og budsjettet legg opp til utbetring av dei kommunale vegane til utfartsområda våre med midlar i heile perioden.

Ein skal heller ikkje gløyma det gode arbeidet som er gjort, med Senterpartiet i spissen, for å få nye bedrifter til å etablera seg i Sauda. I budsjettet for neste år er det lagt inn midlar til å ha fullt trykk på å få desse ballane i mål. Alt dette og meir til vil sikra Sauda god fart i 2022, og me har starta oppløpet til å bli Norges mest attraktive by i 2026!