Lærar Gerhard Haukenes med gutane ved skulen på Ås, sannsynlegvis frå 1956. Frå venstre står Alf Nybru, Ola Marvik, Leiv Johannes Aas, Jostein Marvik og Morten Aas.
Lærar Gerhard Haukenes med gutane ved skulen på Ås, sannsynlegvis frå 1956. Frå venstre står Alf Nybru, Ola Marvik, Leiv Johannes Aas, Jostein Marvik og Morten Aas. FOTO: Ole Johan Ilstad (som også var elev ved skulen). 

Meir gamalt frå Suldal

Årsskriftet til Suldal sogelag er heldigvis å få kjøpt også i Sauda. For i den 23. utgåva av «Gamalt frå Suldal» er det mykje interessant å finne også for saudabuen – som vanleg.

Vi som har hatt interesse for lokalhistoria her i Sauda i nokre år, har merka oss at Torgeir Olav Tveitane har vore ei viktig kunnskapskjelde i Ytrabygda. Der har han vakse opp og der har han budd. Men familierøtene har han på Suldalseidet. Torgeir fortel til skriftstyraren Bjarte Skipevåg om desse røtene. Begge foreldra til Torgeir kom frå Suldal. Faren heitte Samuel, det same heitte oldefaren, og det same heitte fire av onklane. Her blir det mykje Samuel å halde greie på, sjølv om ein av dei blir representert med ein eigen artikkel. Den handlar om livssoga til  Samuel Vedvei, som utvandra til Amerika i 1907.

Men her er meir amerikastoff å lese. Nancy L. Coleman har skrive om «Prinsessa som ingen kunne bli klok på», om Berta Gurine Gautesdotter Herabakka som svinga seg opp frå tenestejente i Stavanger til rik sosietetsdame i Chicago. Ho var fødd i 1874. Truleg tok ho turen over Dammen ein gong på 1890-talet. Coleman har leita etter trådar i livshistoria til jenta frå Herabakka. Nokre få har ho funne, og dei har ho nesta vidare på. Det har blitt ei spanande historie om sosial klatring, eit dramatisk liv og ein tragisk lagnad.

Berta Gurine Gautesdotter Herabakka. FOTO: Eigar: Annfrid Halsne.

Så har skriftstyrar Skipevåg gitt plass til to krambuhistorier, ei frå Høivik og ei frå Marvik. Krambuene selde ein gong alt som trongst til livets opphald på bygdene, frå mel og kaffi via oljehyre og strikkegarn til «serop på tønne», brus og kunstgjødsel. No finst det ikkje krambuer, korkje på Høyvik eller på Marvik. Daglegvarehandelen på «Halvøynå»  er effektivisert og sentralisert til Vatlandsvåg og heiter nå Joker.

I 1955 byrja Alf Nybru på folkeskulen. Han skulle begynt i 1954, men skulevegen frå Røyrvik på «nedsida» av riksvegen og opp til Ås-garden var så vanskeleg at han måtte utsetje skulestarten eit år. På Ås var dei fem elevar i ein såkalla udelt skule. Året før hadde unge Ola Bjelland frå Sauda vore lærar, no fekk ungane den godt vaksne Gerhard Haukenes, også han frå Sauda. Nybru skriv spanande om dramatiske vinterutfordringar på skulevegen, kjensla av favorisering av enkeltelevar og eit undervisningstilbod som aldri var lagt til rette for ein åtteåring. Kanskje saknar nokon av oss den gamle krambua. Få vil sakne den udelte folkeskulen etter å ha lese denne artikkelen.

Også Odd Magne Nordmark har skrive om skuletida. Nordmark høyrer til same årgang som Nybru. Han fortel om skuledagar på Mo i Sandsbygda. Det er ein god idé å få nett denne generasjonen til å skrive om korleis dei hugsar dei sju åra på folkeskulen.

Her har eg trekt fram nokre av dei mange interessante artiklane i årsskriftet. Men her er mange andre gode og interessante artiklar å glede seg over. Og som vanleg, i «Gamalt frå Suldal» blir vi presentert for eit rik og flott biletmateriale. Vi trillar ingen terning her, men held tommelen i veret og seier til Bjarte Skipevåg og redaksjonen: «Godt jobba».