Stasjon 1 Hellandsbygd aug 2021
FOTO: Knut Atle M. Seim.

Nei til produksjon av kryptovaluta i Hellandsbygd!

Svært mange i Sauda har fått inntrykk av at folk i Hellandsbygd ønsker produksjon av kryptovaluta i stasjon 1. Dette er feil.

Kommunen hadde informasjonsmøte om planen 9. juni i Hellandsbygd. Stemninga på møtet var kritisk, og det overraska oss at dette ikkje kom fram i referatet i Ryfylke.

Folk uttrykte djup uro over støyen anlegget vil føra med seg. Stilla er noko av mest verdifulle Hellandsbygd har å by både fastbuande og hyttefolk. Å samanligna duren frå Suldalsfossen, som renn ut i Storlivatnet like ved stasjonen, med støyen frå utvinning av kryptovauta, held ikkje. Fosseduren er påverka av nedbør og snøsmelting og dermed svært varierande. Produksjon av digital valuta vil produsera den same støyen sommar og vinter, dag og natt. Alltid.

Bygdefolket understreka på møtet at den gamle stasjonsbygningen ikkje måtte øydeleggjast. Dei store, boga vindauga i fasaden burde skjermast. I dag veit me at det ikkje kjem til å skje. Store, firkanta rister skal koma istaden. I skrivande stund blir det i tillegg sett opp fem trafokioskar på utsida av bygget, og desse vil verka dominerande på fasaden.

Kommunen fekk kritikk for manglande bakgrunnssjekk av firmaet som vil etablera seg. Kven er dei eigentleg? Svar på det blei ikkje lagt fram.

Så var det produksjonen. Kommunen har gått over frå å snakka om bitcoin til å snakka om datasenter. Sannsynlegvis fordi det siste høyrest betre ut. Likevel er det bitcoin, eller ein annan kryptovaluta, som skal produserast der. Kor samfunnsnyttig er eit slikt produkt? Etter vårt syn er dette ikkje berre unødvendig, men til og med negativt og umoralsk.

Årleg vil produksjonen av kryptovaluta krevja svært mykje straum , og det i ei tid der straumforbruket skal ned. I staden for arbeidsplassar vil Sauda sitja igjen med dårleg omdøme.

Produksjon av kryptovaluta vil føra til verdisenking og gjera det mindre attraktivt å bu i Hellandsbygd.