Heia Vetlebu!

I januar 2021 presenterte Ryfylke nokre av funna i ein rapport frå Menon Economics der reiselivet i Sauda var sett under lupa. Bodskapen i rapporten var i korte trekk at Sauda i liten grad hentar ut næringspotensialet som ligg i turismen, særleg om vinteren.

Situasjonen i 2021 syntest elles å ha mykje til felles med status i 2006, 15 år tidlegare. I dagens avis kan du lesa om Vetlebu med Vetle Halsnes i spissen, som gjer akkurat det Menon-rapporten etterlyser.

«Vetlebu er i ferd med å bygga opp eit sterkt omdømme»

Salstala for randonee-utstyr hausten 2021 tyder på at Vetlebu er i ferd med å bygga opp eit sterkt omdømme som leverandør av toppturski i regionen. Den vesle sidebedrifta til skisenteret i Svandal får jamleg besøk av tilreisande frå andre kommunar, både eigen region og lenger vekke frå, på jakt etter personleg tilpassa utstyr for gode turopplevingar. Ei smal nisje, kanskje, men tydelegvis ei nisje verd å satsa på, salstala tatt i betraktning.

«Eit berekraftig og lønnsamt reiseliv krev større grader av profesjonalisering.»

Litt av problemet i Sauda har vore at fleire som har lukta på næringsaktivitet med turistar som kundegruppe, har hatt dette som ein bi-geskjeft, med ordinært arbeid i tillegg. Eit berekraftig og lønnsamt reiseliv krev imidlertid større grader av profesjonalisering. Altså at bedrifta som siktar seg inn på turistar som si viktigaste målgruppe er jobben og ikkje bare ein hobby for dei som driv verksemda. Ein kan gjerne starte opp i det små, men skal ein komma nokon veg, må ein på eitt tidspunkt ta sats og skyva i frå, og gjerne litt inn i det ukjende. Slik Vetle Halsnes gjorde, første gongen han bestilte skiutstyr frå leverandøren sin for 50 000 kroner og nesten ikkje fekk sova om natta, nervøs for korleis dette skulle gå.

I haust sa Halsnes opp jobben sin for å satsa for fullt på eiga bedrift. Der er sal av skiutstyr eitt av beina han har å stå på. Utleige, preparering og stell av ski eit anna, for ikkje å gløyma beising av hytter, stell av torvtak og anna hytteservice i sommarhalvåret. I tillegg til å vera heiltidsjobb for innehavaren, er Vetlebu deltidsjobb for ei handfull andre. Og oppdragsmengda aukar.

Med eit stadig aukande tal hytter i kommunen og spennande planar for vidare utvikling av reiselivsdestinasjonen Sauda, vil grunnlaget for framtidig næring retta mot turistar bare bli betre. Det bør tilseia gode sjansar for fleire jobbar i den lokale reiselivsnæringa – viss bare nokon tør. Det har Vetle Halsnes gjort, og det fortener han skryt for!