– Sauda og Suldal er godt kvalifiserte til å vera pilotkommunar for regjeringa sine bygdevekstavtalar, hevdar ordførarane i Suldal og Sauda, Gerd Helen Bø og Asbjørn Birkeland.
– Sauda og Suldal er godt kvalifiserte til å vera pilotkommunar for regjeringa sine bygdevekstavtalar, hevdar ordførarane i Suldal og Sauda, Gerd Helen Bø og Asbjørn Birkeland. FOTO: Portal Norge.

Dyster demografi eller lyse (-grøne) framtidsutsikter?

Landet vårt står midt i vår tids største økonomiske og industrielle omstilling, og som for hundre år sidan ligg nøkkelen til å lukkast i distrikta. Tida er moden for å brette opp ermane att, og i Sauda og Suldal er vi klare til å yta vår skjerv.

Bygdevekstavtaler og det grøne skiftet

I Hurdalserklæringa lanserte den nye regjeringa «bygdevekstavtaler» som eit nytt verkemiddel for nærings- og samfunnsutvikling i distrikta. I følgje erklæringa skal det i første omgang etablerast to pilotavtalar per fylke. Dette er eitt av fleire tiltak for å møte dei store demografiske utfordringane i distrikta, men også for å mogeleggjere det grøne skiftet i heile landet. Ikkje som kunstig andedrett, men som ein dytt i rett retning i kommunar som står klare til å ta steget inn i ei ny grøn framtid. Kommunar med føresetnader for grøn industri- og næringsutvikling, kommunar som veit korleis ein driv kompetanseutvikling, kommunar som treng eit infrastrukturelt løft, og kommunar med vist vilje til langsiktig nærings- og samfunnsplanlegging.

Ny og gammal historie

For om lag hundre år sidan vart fossane temma og den første røyken steig opp frå fabrikkpipene i Sauda og markerte starten på eit industrieventyr som framleis lever i beste velgåande. Femti år seinare starta utbygginga av Røldal-Suldal kraft og noko seinare Ulla Førre, Nord-Europas største vasskraftanlegg som framleis leverer rein energi til industri og forbrukarar. Utbyggingar og etableringar mogeleggjort gjennom eit samarbeid mellom lokale innovasjonskrefter og næringsliv, og mellom stat og kommunar. Når eit nytt kapittel skal skrivast i den norske industrihistoria, er det naturleg å sjå i bakspeilet. Med dei utfordringane ein nå står overfor, må det leitast for å finne to kommunar betre kvalifisert for dei nye bygdevekstavtalene enn Sauda og Suldal.

Folk og fag

Suldal og Sauda står i startgropa til realisering av fleire store grøne industriinitiativ som skal byggjast på skuldrene til den etablerte industrien. Produksjon av fundament for havvindmøller på Jelsa, ammoniakkfabrikk og akvakultur på land i Sauda, og produksjon av grønt hydrogen begge stadene. Det er likevel nokre forskjellar frå den store industrialiseringa for 100 år sidan og det grøne skiftet i dag: Vi manglar kvalifisert arbeidskraft, krava til kompetanse er heilt andre og behovet for betre infrastruktur er meir presserande. Vi treng betre vegar, vi treng fleire innbyggjarar og vi treng fagarbeidarar og auka kompetanse i alle ledd. Både i næringslivet og i kommunal sektor for å kunne yte gode tenester frå kultur til helse og oppvekst.

Å rigga seg for framtida

Nøkkelen til å lukkast med å realisera potensialet vårt, er i eigne hender. Men for å møta utfordringane som ligg føre oss, må samarbeid og samhandling til: Kommunane i mellom, med fylkeskommunen og med staten. Ingen vil lukkast på eiga hand!                Suldal og Sauda samarbeider derfor per i dag tett om både kommunal tenesteyting og strategisk næringsutvikling. Vi har eit godt samarbeid med fylkeskommunen og lokalt næringsliv for å styrke den vidaregåande skulen i regionen som eit lokalt kompetansesenter gjennom MOR-prosjektet. Ønsket nå er eit tettare og meir forpliktande samarbeid med staten om næringsutvikling. Fordi det er bra for oss, og fordi det er bra for Norge.

Å velja si eiga historie

Det verserer to rådande forteljingar om distrikts-Norge anno 2021. Den første handlar om bygder og tettstader med aldrande befolkning, nedlagde gardsbruk, stor fråflytting og skrantande kommuneøkonomi. Den andre handlar om grøne industriinitiativ, innovativt lokalt næringsliv og stolte bønder med kortreist kvalitetsmat. Om framtidstru og optimisme, og om familiar som vel bort storbyen til fordel for å få dei store naturopplevingane innanfor synsvidda av stoveglasa og toppturar etter middagen er rydda av kjøkkenbordet. I Suldal og Sauda veit vi kva forteljing vi ønskjer å skrive, og vi veit at vi har det som skal til for å kunne velje ho sjølv: Vi har eit nettverk av inkluderande og trygge lokalsamfunn, spektakulær natur, gode råvarer, eit aktivt idretts og kulturliv. Vi har naturressursar og veit ikkje minst korleis ein skapar verdiar. Vi har tross alt temma fossar, trekt linjer, bygd vegar og drive høgteknologisk industriutvikling i meir enn hundre år. Og vi har ikkje tenkt å gi oss med det første.

Slutta sirkel

Ein høyrer ofte om korleis den nye grøne næringa skal byggast på skuldrene til oljeindustrien. Men ikkje så ofte om skuldrene oljenæringa i si tid vart bygd på; Kompetansen i den kraftkrevjande industrien på Vestlandet, standhaftet og motet til bønder og fiskarar frå fjordane og langs kysten, og krafta til anleggsarbeidarane frå dei store veg- og vasskraftutbyggingane. At det nye industrieventyret også får rotfeste i Ryfylke og dei andre vestlandsfjordane, er både rett og rimeleg. Med eit solid partnarskap med kvarandre, næringslivet, fylke og stat skal vi klare det ein gong til.