Ein milepæl for utvikling

«Målet er å styrka Sauda som berekraftig heilårsdestinasjon gjennom å vidareutvikla aktivitetstilbod, overnattings- og servicetilbod, fritidsbusetnad og tilhøyrande infrastruktur, samt legga grunnlag for utvikling av fleire heilårs arbeidsplassar.»

Formuleringa ovanfor er henta frå referatet etter eit førebuande møte for det som skal bli ein heilskapleg plan for skisenteret i Svandal og områda omkring. I morgon, onsdag, inviterer initiativtakar Sauda Vekst, konsulentselskapet Omega Areal og Sauda kommune til digitalt informasjonsmøte om det føreståande planarbeidet. Dette bør vera av interesse for langt fleire enn dei som i utgangspunktet er involvert i denne for Sauda viktige prosessen.

«For første gong står fleire grunneigarar, lokale styresmakter og næringsaktørar saman»

Områdeplanen for Svandal vil dekka eit om lag ni kvadratkilometer stort område i den sør-vestre delen av dalen. At det blir utarbeidd ein plan av dette slaget for eit så stort område, er i Sauda-målestokk nytt. Det mest spesielle er likevel rammeverket for planen. For første gong står fleire grunneigarar, lokale styresmakter og næringsaktørar saman om å staka ut kursen for framtidig utvikling. At dette skjer i eit område som må seiast å vera episenteret for Saudas satsing på turisme som næring, der det frå før både ligg eit stort skisenter i tillegg til hytter på rad og rekke, tilseier at ein områdeplan med mange aktørar kan vera muleg å få til kor som helst elles i kommunen.

«Utarbeidinga av ein områdeplan handlar om å styra utviklinga saman»

Utarbeidinga av ein områdeplan handlar om å styra utviklinga saman. I planen vil det indirekte ligga eit potensial til mengder av oppdrag og mulegheiter for både eksisterande og nytt næringsliv. Skal ein vera med når toget trillar ut frå perrongen, vil det sjølvsagt vera ein fordel å vera om bord. Derfor bør informasjonsmøtet i morgon ha mange tilhøyrarar, både frå lokale folkevalde, frå lokalt næringsliv, for dei som er på utkikk etter nye forretningsmulegheiter og for dei som har hytter og elles er glad i å nyta friluftslivets gleder i området. Og sjølvsagt andre som er opptatt av næringsutvikling i Sauda.

Startskotet går i morgon. Så skal saka etter kvart ut på høyring og til politisk behandling.

Det er nå, det kommande dryge halvåret, det vil vera muleg å komma med spørsmål, innspel og kommentarar og eventuelt ha sjansen til å påverka planane.