Viktig energidebatt

Rekordhøge straumprisar i haust og vinter har ført til høg temperatur i ordskifte og kommentarfelt. Debatten om korleis norske kraftressursar bør forvaltast er både interessant og viktig, men kunne med fordel blitt halde på eit litt meir edrueleg nivå.

I desse dagar kjem straumrekninga som stadfestar det media har skrive om og folk flest snakka om i nokre månader: Straumforbruket i desember har kosta flesk, trass i at styresmaktene tar ein del av rekninga. Summane på fakturaen er gjerne det doble av tidlegare «rekordar».

«Reaksjonane på dei stadige prisrekordane varierer frå fortviling til forbanning»

Reaksjonane på dei stadige prisrekordane varierer frå fortviling til forbanning. Fortviling fordi mange fryktar for eigen økonomi når rekninga skal betalast. Forbanning litt av same grunn, men også fordi dei meiner «nokon» har skulda for at situasjonen har blitt som han er. Som regel blir skulda lagt på politikarane.

Både temperaturar, nedbør, vind, CO2-avgifter, gassprisar og overføringskapasitet i inn- og utland speler inn på kraftprisane. Energidebatten har imidlertid ein tendens til å dreia seg mest om utanlandskablar og sal av straum ut av landet. Store delar av inntektene frå kraftsal hamnar i lommane på det offentlege Norge men dette hamnar som regel i skuggen av debattane, særleg i sosiale media. Det kjem heller ikkje særleg godt fram at den same marknaden som nå blir omtala i svært negative ordelag, har gitt svært låge og på ingen måte berekraftige straumprisar i ei årrekke, spesielt i 2020. Debatten ville vore betre (men gjerne mindre underhaldande) dersom han var meir nyansert og i større grad tok opp i seg breidda og kompleksiteten i temaet.

«Det er grunn til å stilla spørsmål ved landets energipolitikk»

Kraftkrisa, viss me kan nytta eit så sterkt uttrykk, og konsekvensane av denne, viser at den pågåande energidebatten absolutt er viktig å ta. Det er grunn til å stilla spørsmål ved landets energipolitikk når krafta i Norge, Europas største vasskraftprodusent, blir så dyr som ho har vore den siste tida. Tilgangen på rimeleg kraft har sidan dei store kraftutbyggingane starta for eit drygt hundreår sidan, blitt sett på som eit grunnleggande felles gode for folk og næringsliv, og som ein del av kompensasjonen for inngrepa i norsk natur.

Auka produksjon, slik fleire sentrale politikarar tar til orde for, kan nok ha reduserande effekt på prisnivået. Akkurat i dag synest imidlertid behovet å vera vel så stort for å få på plass ein meir permanent sikkerheitsventil for å halda straumutgiftene nede, til dømes ved å ta vekk alle statlege avgifter, når marknadsprisane går i taket.