Monumentet «Sverd i fjell» av Fritz Røed vart reist i 1983 til minne om slaget ved Hafrsfjord.
Monumentet «Sverd i fjell» av Fritz Røed vart reist i 1983 til minne om slaget ved Hafrsfjord. FOTO: Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Rikssamlingsjubileum til sommaren – 1150 år sidan Harald Hårfagre samla landet

I år er det 1150 år sidan Noreg vart samla til eitt rike. Rundt år 872 sigra Harald Hårfagre over motstandarane sine i slaget ved Hafrsfjord og vart den første rikskongen i Noreg. Dette skal markerast i Rogaland i sommar.

I 1872 blei det feira 1000-årsjubileum for den legendariske hendinga. Då blei riksmonumentet Haraldshaugen i Haugesund avduka av kong Oscar II der ein antok at Harald Hårfagre låg gravlagd.

I 1972 var kong Olav V gjest på 1100-årsjubileet og signerte bautaen på Ytraberget i Sola. I år har rogalendingane bestemt seg for å markere 1150-årsjubileet for slaget ved Hafrsfjord.

Kongefamilien var til stades i 1972 under Haugesunds 1100-rikssamlingsjubileum. Her kjem dei kongelege til Haraldsstøtta og Harald Hårfagres grav på Haraldshaugen. FOTO: Arkivfoto: NTB / NPK

«Rikssamlingsjubileet Hafrsfjord – Nordvegen 2022» er eit samarbeid mellom kommunane Haugesund, Karmøy, Sola og Stavanger og Rogaland fylkeskommune. Hovudmarkeringa av rikssamlingsjubileet skal gå føre seg i tidsrommet 9.–19. juni 2022 i Haugesund, Karmøy og Hafrsfjord-området.

På Røyneberg, nærare bestemt på Ytraberget, i Sola kommune blei det reist ein minnebauta ved 1100-årsjubileet i 1972. Her ser vi kong Olav V signerer bautaen. FOTO: Arkivfoto: NTB/ NPK

Folkefest

Arrangørane lovar at jubileet skal bli ein folkefest over ti dagar med aktivitetar, læring og opplevingar for liten og stor i og rundt dei mest sentrale områda for vikingfylket Rogaland. Førebels er ikkje programmet heilt spikra og offentleg.

– Heile folket er målgruppa for arrangementa våre. Vi slepper programmet den 16. februar, men eg kan røpe at vi skal lage opplevingar for publikum i heile strekket frå Haraldshaugen til Avaldsnes, og på fleire stader rundt Hafrsfjord. Vi håpar dette blir spennande og kjekt og at vi får løfta fram vikingtida på ulike måtar. Publikum kan mellom anna få vere med på guida båtturar og sjå vikingskip på nært hald. Vi har til dømes eit ønskje om å samle åtte til tolv vikingskip-kopiar som skal segle inn Hafrsfjorden, fortel prosjektleiar for jubileet, Trond Ole Paulsen til Nynorsk pressekontor.

Målet med rikssamlingsjubileet er mellom anna å styrkje kunnskapen om og kjennskapen til Hafrsfjordslaget og kongemakt i Rogaland, både regionalt og nasjonalt. Ein ønskjer å skape breitt engasjement gjennom eit mangfald av aktivitetar og tiltak, og aktualisere behovet for meir forsking og formidling innan arkeologi og historie.

Harald Hårfagres rike

Slaget i Hafrsfjord fann ifølgje sagaene kan hende stad rundt år 872, mellom det som no er kommunane Sola og Stavanger i Rogaland. Som ein del av nasjonalromantikken på 1800-talet blei dette slaget vurdert som sentralt i Noregs historie. Det blei då rekna som det siste i Harald Hårfagres erobring av Noreg som einekonge, og det markerte starten på danninga av Noreg som eitt rike.

Hårfagre samla truleg først og fremst det som vart kalla Norðvegr til eitt rike. På gammalnorsk betyr nor eit trongt farvatn/smalt sund eller «vegen mot nord». Begge tydingane passar som skildring av kysten vår frå Sørvestlandet og nordover, og med veg meiner ein då skipsleia.

​Når ein seier at Harald Hårfagre samla dette området til eitt rike, betyr det at han kjempa og vann over lokale høvdingar og småkongar og overtok makta i områda deira, eller inngjekk alliansar med dei på meir fredeleg vis mot at dei godtok han som overkonge.

Etter slaget i Hafrsfjord styrkte Hårfagre makta si. Avaldsnes på Karmøy hadde alt vore eit maktsentrum i fleire hundreår, og det er grunn til å tru at også Harald Hårfagre hadde ein av kongsgardane sine der. All skipstrafikk langs den viktige handelsruta mot nord måtte gjennom det smale sundet mellom Karmøy og Haugesund. Farvatnet på utsida var ureint og farleg. Den som kontrollerte Karmsundet, hadde makta over Norðvegr.

Kongsgardområdet og Olavskyrkja på Avaldsnes. Kyrkja vart reist av Håkon Håkonsson rundt 1250. Ho var då den personlege kyrkja til kongen og ein del av eit større kongsgardanlegg. I 2017 blei ruinane av hovudbygningen i kongsgardanlegget graven fram. FOTO: Aerophoto Norge AS

Gjennom vikingtida vaks Norðvegr og blei nokså samsvarande med det landområdet vi i dag kjenner som Noreg. Etterkomarane til Harald Hårfagre spelte viktige roller i denne prosessen. Men det historiske vikingslaget i 872 markerer startpunktet for den norske kongerekka. Sigerherren Harald Hårfagre blei Noregs første konge, og garden hans på Avaldsnes blei eit maktsentrum i riket hans.

«Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord». Måleri frå 1870 av Ole Peter Hansen Balling.
FOTO: Nasjonalmuseet

Kjelde: Rikssamlingsjubileet.no.

(©NPK)