Erik Aareskjold (57) har cand.mag-grad (mellomfag i samfunnsvitskap og mellomfag i engelsk) og jobbar som HR-sjef ved Eramet Norway sitt smelteverk i Sauda.
Erik Aareskjold (57) har cand.mag-grad (mellomfag i samfunnsvitskap og mellomfag i engelsk) og jobbar som HR-sjef ved Eramet Norway sitt smelteverk i Sauda. FOTO: Ingvil Bakka.

Stor etterspørsel etter fagfolk:

Derfor treng Eramet Sauda akkurat DEG

HR-sjef Erik Aareskjold skal rekruttera «ein halv arbeidsstokk» det neste tiåret.

1. Kva arbeidskraft vil Eramet Sauda ha behov for i åra framover?

– I antal utgjer fagoperatørar den klart største gruppa me vil trenga framover. I tillegg vil me ha behov for ulike typar ingeniørar og fagspesialistar, samt leiande personell. Den teknologiske utviklinga som er venta i åra framover tilseier også eit aukande behov for tilleggskompetanse utover fagbrev for mange av fagoperatørane våre. Dette kan vera alt frå relativt kortvarige tilleggsmodular til påbygg i form av teknisk fagskule.

2. Kvifor har Eramet Sauda behov for slik arbeidskraft?

– Viss me kun legg til grunn alderssamansetninga for nåverande tilsette kan me enkelt seia at me i løpet av ein tiårsperiode vil ha eit rekrutteringsbehov som tilsvarer om lag halve arbeidsstyrken. I tillegg vil me sjå ein effekt av teknologisk utvikling, klima- og miljøinvesteringar, automatisering og andre forbetringstiltak som medfører eit aukande behov for spesialistkompetanse. Eit eksempel på dette er vår nytilsette prosjektleiar for pilotanlegget for karbonfangst. Ho har to mastergrader.

3. Vil utvikling av ny teknologi gjera at Eramet vil trenga endå fleire unge med digital kompetanse?

– Ja, det er utvilsamt eit aukande behov for digital kompetanse. Dette behovet treff alle aldersgrupper, også våre erfarne tilsette. IT og automasjon, sistnemnde både på fagoperatør- og ingeniørnivå, er eit fagområde der bedrifta vår vil ha eit aukande behov i åra framover.

  1. Kva kan Eramet Sauda tilby til industrifagutdanna unge menneske?

– Spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø der det er rom for kreativitet og påverking av eigen arbeidskvardag, og mulegheiter for personleg og fagleg utvikling innan fleire ulike felt.

Syvert Løland Hølland (19), industrimekanikarlærling hos Eramet. FOTO: Ingvil Bakka.

– Veldig kjekt på jobb!

Syvert Løland Hølland (19)

Syvert Løland Hølland er industrimekanikar-lærling hos Eramet. Han er inne i sitt andre og siste år av lærlingperioden sin, og skal ta fagbrev til sommaren.

1. Korleis er jobbkvardagen hos Eramet?

– Eg jobbar full stilling på dagtid 07-15. Eg jobbar overalt inne på smelteverket. Kort forklart jobbar eg med vedlikehald, spesielt førebyggande vedlikehald, og reparasjonar. Eg trivst veldig godt og kan godt tenka meg ei fast jobbframtid her hos Eramet.

2. Kva råd vil du gi til unge som lurer på kva utdanning dei skal velga?

– Ein må ikkje vera redd for å gjera det ein har lyst til. Ein må ikkje vera så opptatt av kva andre meiner, men heller stola på eigen magefølelse. Industrimekanikaryrket er eit fysisk arbeid, det er av og til harde arbeidsdagar med tøffe tak, men det er veldig kjekt på jobb. Her er også eit kjekt arbeidsmiljø.

Henrietta Isaksson (32), trainee hos Eramet. FOTO: Ingvil Bakka.

– Det valet ein tar som ungdom treng ikkje vera eit val for resten av livet.

Henrietta Isaksson (32)

Svenske Henrietta Isaksson er utdanna sivilingeniør og har sidan august 2021 jobba som prosessmetallurg, trainee hos Eramet. Ho starta utdanninga si som 26-åring.

1. Korleis er jobbkvardagen hos Eramet?

– Eg jobbar dagtid 07-15. Jobben min handlar om å halda oversikt over produksjonen, finna ut kva tiltak me skal gjera, rapportera tal og kommunisera med operatørar og tapparar.

I februar skal eg inn i vaktrulleringa til metallurgane, då vil eg også ha vakt i vekene og i helgane. Eg trivst veldig godt i jobben min. Eg har inntrykk av at alle vil at verket skal gå bra og at dette er viktig for heile Sauda. Det gjer meg ekstra motivert til å bidra. Eg føler at eg får brukt kompetansen min på jobb. Samtidig lærer eg stadig nye ting. Det er godt å merka at kollegaene mine vil at eg skal ha det bra på jobb. Eramet er eit godt selskap, som satsar på utvikling og forsking, noko eg synest er kjekt å få vera med på.

2. Kva råd vil du gi til unge som lurer på kva utdanning dei skal velga?

Sjølv valde eg å jobba nokre år, blant anna i butikk, før eg bestemte meg for å utdanna meg. Eg såg først føre meg å enda opp i eit arbeid innan nanoteknologi. Det er aldri for seint å ta utdanning, det er også fullt muleg å endra på kursen undervegs. Det valet ein tar som ungdom treng ikkje vera eit val for resten av livet. Tar du ei utdanning som sivilingeniør får du kompetanse som samfunnet har behov for. Ein må gjerne vera villig til å flytta på seg, slik eg gjorde, då eg kom hit frå Stockholm. Det er også ei utdanning der det fins mange varierte mulegheiter, også for vidare utdanning, dersom ein vil prøva noko nytt.

Lønnstal, Eramet Sauda:

Startløna for ein nyutdanna fagoperatør er ikkje langt unna 500 000 kroner. For dei som jobbar skift er det også skifttillegg. For 5-skift er skifttillegget godt over 80 000 kroner. Lærlingar mottar ei årsløn, pluss eventuelt skifttillegg, i løpet av den normalt to år lange læretida. Lønna blir trappa opp kvart halvår i starten av læretida til 80 prosent det siste halvåret før fagprøven.

Ein nyutdanna person med mastergrad som startar hos Eramet i ei trainee-stilling får ei startløn på omtrent 600 000 kroner. Erfarne ingeniørar har ei høgare startløn. Nokre av ingeniørane og dei fleste metallurgane har vaktgang, som blir kompensert med eit vakttillegg.