Det blir satsa tungt på vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule, og interessa har vore stor, også blant innbyggarar med innvandrarbakgrunn.
Det blir satsa tungt på vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule, og interessa har vore stor, også blant innbyggarar med innvandrarbakgrunn. FOTO: Sauda vidaregåande skule.

Frisk satsing på vaksenopplæring

Fokuset på livslang læring og satsing på tett samarbeid med lokalt næringsliv er ikkje bare ei satsing ved Sauda vidaregåande skule, det er også ei nasjonal satsing.

”Det skal satsast på arbeidsfolks kompetanse gjennom heile yrkeslivet og eit godt, desentralisert utdanningstilbod tett på den regionale og lokal arbeidsmarknaden”, heiter det i Hurdalsplattforma, som er regjeringas leiande dokument for framtidige politiske satsingar og prioriteringar.

Også stortingsmeldinga Kompetansereformen – lære heile livet, seier noko om at vanlege folk skal ha mulegheiter til å utvikle kompetanse og endre yrkesretning når som helst i livet, at ingen skal ”gå ut på dato” som følge av manglande kompetanse. I stortingsmeldinga er det lista opp ei rekke tiltak som skal senke tersklane for å tilegne seg ny kompetanse, og gi menneske mulegheiter til å utdanne seg med tanke på behovet i arbeidsmarknaden.

Å skaffe seg ny kompetanse er muleg å få til i kombinasjon med både jobb og familieliv. Det er lagt til rette for undervisning både på dag- og kveldstid, samt på nett. FOTO: Sauda vidaregåande skule.

Sett i samanheng med den store verdiskapinga i indre Ryfylke, tydar alt på at den generelle realkompetansen i både Sauda og Suldal er god. Ansvarleg for vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule, Kristin Bruknapp, fortel at det ikkje er like god tilgang på faglærte personar og personar med høgare utdanning.

– Vi veit at det blir stor utskifting i den lokale og regionale arbeidsstokken det neste tiåret og at erfaring og viktig kompetanse er på veg ut. Vi håpar at skulen som kompetansesenter kan bidra både til å ta vare på og byggje ny kompetanse slik at Ryfylke blir ein konkurransedyktig region for framtida, seier ho.

Nytt håp

Bruknapp skildrar bygging av ny kompetanse som ei investering i framtida. Ho seier at Sauda og Suldal treng tilflyttarar, men at det først og fremst må satsast på utvikling av kvalifikasjonane til dei som allereie bur i kommunane. Det gjeld ikkje minst fastbuande med innvandrarbakgrunn.

– Vi har eit tett samarbeid med NAV og dei arbeidssøkjande. I Norge er det i dag ofte formell kompetanse og dokumentasjon som gjeld dersom ein ønsker å få seg arbeid. Vi håpar at skulen som opplæringssenter for vaksne saman med lokale bedrifter kan vere med å gi desse ein ny sjanse, eit nytt håp og kjensla av å bidra og vere ein ressurs, seier ho.

Utdanning nær heime

Sauda vidaregåande skule er ein av tre distriktsskular i Rogaland som er i starten av ei fireårig prøveordning som vaksenopplæringssenter, der målet er å gi innbyggarane og bedriftene i Sauda og Suldal kommunar mulegheita for kompetanseheving på sin eigen heimstad, der ein gjerne har både familie og jobb. Idé og føringar i prosjektet MOR (motivasjon, opplæring, rettleiing) er lagt til grunn for prøveordninga med opplæring for vaksne i distrikta.

. Sauda vidaregåande skule tilbyr både høgskulefag og enkeltståande kurs, blant anna i sveising. FOTO: Sauda vidaregåande skule.

– Vi ønsker å legge til rette for vidaregåande opplæring, kurs, sertifisering, fagskuleutdanning og høgare utdanning i indre Ryfylke. Det er innbyggarane og bedriftene sjølve som best veit kva kompetanse dei treng. Kurstilboda blir dermed sett opp etter innmeldte behov både frå bedrifter og enkeltpersonar. I denne samanheng har me gode erfaringar med skreddarsydde løysingar, forklarar Bruknapp.

Sauda vidaregåande skule har ein eigen rådgivar som hjelper vaksne med å ta gode val ut frå kompetanse og erfaring, og skule tilbyr også mulegheiter for å kombinere lokale utdanningstilbod med andre skular og kurstilbydarar om ein planlegger det. Undervisninga kan leggast opp både på dagtid, kveldstid og som nettbasert undervisning med samlingar.

Sauda vidaregåande skule tilbyr gjennom MOR fire ulike høgskuletilbod. Desse er:

* Desentralisert sjukepleie, deltid (Høgskulen på Vestlandet)

* Desentralisert sjukepleie, heiltid (Universitetet i Stavanger)

* Havbruk (Høgskulen på Vestlandet)

* Kommunikasjon og marknadsføring (Høgskulen på Vestlandet)

I tillegg er fleire tilbod under planlegging, som Digitalisering og leiing, lærarutdanning, barnevern og sosionom.

Kjelde: Sauda vidaregåande skule

Dette er MOR sine overordna mål

  • Kvalifisere fleire for arbeidsliv og/eller tilgang til utdanningssystemet.
  • Møte kompetansebehov i regionalt arbeidsliv.
  • Få til samskaping og samhandling mellom institusjonar og aktørar i utviklinga av tiltak og organisasjonsformer som motiverer den enkelte innbyggar og bedrift til kompetanseheving i åra som kjem.
  • Auke utdanningsnivået i Ryfylke gjennom lokal tilrettelegging.
  • Utvikle og implementere ordningar som bidrar til utdanning for ei ny tid; integrert læring som kombinerer læring på arbeidsplass og læring ved bruk av digitale hjelpemidlar.

Kjelde: www.moriryfylke.no