Tiandeklassingane Kine Danielsen, Tår de Heer og Espen Nikolai Håheimsnes må snart ta eit val...
Tiandeklassingane Kine Danielsen, Tår de Heer og Espen Nikolai Håheimsnes må snart ta eit val... FOTO: Andreas Isaksen.

Kor går vegen vidare?

Mulegheitene er endelause, men valet av retning i den vidaregåande skulen må tas. For elevane i tiande klasse nærmar det seg voldsomt…

Programmering som yrke er innan rekkevidde for 15-åringen Espen Nikolai Håheimsnes. Han er fast bestemt på å utdanne seg til eit yrke der han også har det kjekt. FOTO: Andreas Isaksen.

– Satsar på karriere innan programmering

Espen Nikolai Håheimsnes (15) har bestemt seg for å gjere karriere ut av hobbyen sin, og har planane klare.

Espen Nikolai Håheimsnes  bruker mykje tid på data og programmering på fritida, og meiner det er eit klokt val å satse innan eit fagområde han både kjenner og beherskar.

– Det første året vil eg aller helst gå på linja Elektro og datateknologi på Sauda vidaregåande skule. Då vil eg ha mulegheit til å gå vidare med programmering det andre året. Målet er å kunne jobbe med noko eg synes er både kjekt og spennande, og det er programmering. Eg trur det er smart å forsøke å kome seg inn i eit yrke som ein verkeleg har interesse for, seier han.

Mulegheitene for Espen er mange når han skal ta fatt på det andre året av sitt planlagte studieløp. Blant programfaga han kan gå djupare inn i, er mellom anna maritime fag, brønnteknikk, automatisering og el-energi og ekom, for å nemne nokre.

– Når det gjeld heilt spesifikt yrke, er eg meir usikker, for det er mange mulegheiter. Men eg trur behovet for arbeidstakarar med kompetanse innan data vil vekse dei neste åra, så eg trur jobbmulegheitene vil vere gode, avsluttar han.

Tamar de Heer (16) vil halde mulegheitene opne, og vel derfor å ta studiespesialisering på sitt første år på vidaregåande skule. FOTO: Andreas Isaksen.

– Vil ha alle mulegheiter opne

Førebels har ikkje Tamar de Heer bestemt seg for ei framtidig yrkeskarriere. Det har ho tatt høgde for i sitt val av vidaregåande utdanning.

Tamar de Heer (16) går i tiande klasse ved Sauda ungdomsskule. Interessene hennar er mange, men det er ikkje noko som peiker seg spesielt ut som eit opplagt mål, som har ein opplagt veg vidare i skulegangen.

– Akkurat no sit vi og jobbar med VIGO, der vi kan finne info om vidaregåande opplæring, og etter kvart søke på dei skulane og faga vi vil gå vidare med. For min del har eg bestemt meg for å ta studiespesialisering det første året på vidaregåande. Då er det realfag som gjeld, og det fine med det valet, er at ingen dører blir stengt. Eg kan bruke dette året til å tenke vidare på kva eg skal utdanne meg som. Alle mulegheiter er opne, seier ho.

VIGO er fylkeskommunanes portal for søknad og administrasjon av vidaregåande opplæring, og har mellom anna praktisk hjelp og informasjon om ulike fag, skular og søknadar.

– Eg gler meg veldig til vegen vidare. Eg har ei stor interesse for å lære om andre land og kulturar, så kanskje ein jobb ved ein ambassade kan vere mitt mål. Vi får sjå, for eg skal bruke neste skuleår på å tenke over den vidare vegen, fortel ho

Kine Danielsen (15) ønsker å tilbringe sine arbeidsdagar ute i frisk luft, og ho har lagt ein plan for å få til nettopp det. FOTO: Andreas Isaksen.

– Det blir byggfag det første året

Kine Danielsen siktar seg inn på ei karriere der det alltid vil vere behov for arbeidskraft, enten ein bur i Sauda eller i Oslo.

Drift og vedlikehald av bygg og grøntanlegg er krevande og fysisk arbeid, men det er nettopp det som fristar, ifølge 15-åringen.

– For meg er det viktig å sikte mot arbeid som er fysisk og som føregår utandørs. Eg er veldig glad i å vere i aktivitet, og har også ei interesse for bygg og anlegg, grøntanlegg og plantar. Derfor har eg planar om å starte med byggfag det første året, og så søke på anleggsgartnarlinja på Tveit vidaregåande skule det andre året, fortel ho.

Kine fortel at ho i liten grad lar seg påverke av innspel og meiningar frå andre, men at det er hennar eigen plan og hennar eigne ønsker for framtida som gjeld.

– Det er du sjølv som veit best kva du ønsker deg for framtida, og det er ikkje nokon god idé å søke seg inn på fag fordi mange andre gjer det, eller fordi andre meiner at du burde gjere det. Eg ønsker å jobbe som anleggsgartnar, og det er det eg vil forsøke å få til.

Tiril Leverskjer Steindal ser for seg å flytta til Stavanger for å gå på vidaregåande skule. FOTO: Privat.

– Har ikkje endeleg bestemt meg

Tiril Leverskjer Steindal frå Erfjord går i 10. klasse ved Sand skule.

Nora Bogetvedt Jenssen, Suldalsposten

– Har du bestemt deg for kva skule du skal søkja på?

– Nei, eg er ikkje sikker og har ikkje endeleg bestemt meg. Det som per i dag står øvst på lista, er KDA, (kunst, design og arkitektur) på Vågen videregående skole. Uansett kva eg vel, kjem det til å bli noko i Stavanger. Eg har hospitert to gonger i Sauda og ein gong på Vågen. Når eg flyttar til byen, har eg familie eg kan bu hjå. Eg trur det er mange av dei eg går i tiandeklasse med som ikkje har tatt valet endå, så det er bra me har god tid før søknadsfristen går ut.

Kva som gjer at du vil gå på KDA?

– Eg drøymer om å utdanna meg til anten arkitekt eller interiørdesign, me får sjå.