Layal Azzo (18) går VG2 helsefagarbeidas. Draumen er å bli operasjonssjukepleiar.
Layal Azzo (18) går VG2 helsefagarbeidas. Draumen er å bli operasjonssjukepleiar. FOTO: Andreas Isaksen.

Vegen vidare etter vidaregåande

Jobb eller vidare utdanning, det er spørsmålet…

– Siktar mot ein meiningsfull jobb

Layal Azzo (18) kom til Norge for berre fem år sida. Ho rådar ungdom som skal ta valet om vidare skulegang, til å gjere eit grundig forarbeid.

– Den norske skulen gir fantastiske mulegheiter, og det vil eg sjølvsagt få mest muleg utbyte av. Derfor siktar eg mot drøymejobben, fortel 18 år gamle Layal Azzo.

Azzo går VG2 Helsefagarbeidar ved Sauda Vidaregåande skule, og ho fortel at skulearbeidet opptar mykje av tida hennar. Ho fortel at ho alltid har vore fascinert av kirurgi og helse, og at ho nyttar alle sjansar ho får til å lære om helserelaterte tema.

– Ein må ha empati for å arbeide i helse- og omsorgssektoren, og eg er veldig opptatt av å jobbe med menneske i ulike livssituasjonar, og då eg valde kva eg skulle satse på det første året på vidaregåande, var det heilt opplagt at VG1 Helse- og oppvekstfag skulle bli mitt val. No siktar eg meg vidare inn mot min drøymejobben, som er operasjonssjukepleiar, fortel ho.

Mange mulegheiter

Layal Azzo fortel at ho sjølv har vore svært heldig. Ho kom til Norge for bare fem år sidan, etter oppvekst i Syria og Libanon. Til andre ungdomar i Norge med innvandrarbakgrunn, har ho eit klart råd å gi.

– I Norge gir skulen enorme mulegheiter, og eg vil råde til å nytte desse mulegheitene best muleg. Gjør eit grundig forarbeid, les om faga, sjå videoar om dei mulege yrkene som kan vente etter utdanninga, og ta eit val på grunnlag av det ein har aller mest lyst å jobbe med. Ikkje lytt til negative tilbakemeldingar, rådar ho.

For Azzo er vegen vidare etter alt å døme bestemt, men ho understreker at Helse- og oppvekstfag det første skuleåret, gir ein mengde mulegheiter for val vidare. Her kan ein bygge vidare og ende opp som alt ifrå Barne- og ungdomsarbeidar til apotekteknikar eller tannhelsesekretær.

– Det vil vere eit stort behov for arbeidskraft innan helse, så det vil nok vere eit klokt val å gå den vegen, enten ein har eit klart mål som meg, eller ein ikkje er heilt sikker på vegen inn i yrkeslivet, seier ho.

Philip Johansen. FOTO: Andreas Isaksen.

Siktar mot industrien

Phillip Johansen vil etter alt å døme ha gode jobbmulegheiter eit par steinkast frå Sauda vidaregåande skule. Drøymejobben er imidlertid mange mil unna.

Smelteverket i Sauda er byens nest største arbeidsplass, etter kommunen. Behovet for faglært arbeidskraft er alltid tilstade, og nye potensielle mulegheiter kan vere i anmarsj med etablering av både oppdrettsindustri og produksjon av grøn ammoniakk. Å velge eit vidaregåande skuleløp der industribransjen er målet, kan vere eit klokt val. For Phillip Johansen (17) er det viktig at han fortsatt kan ha mange opningar inn til industrien når den vidaregåande skulen er unnagjort.

– Eg går no på kjemiprosess- og laboratoriefag, andre året. Med denne studieretninga opnar eg mulegheiter for blant anna å arbeide på Eramet Norway på laboratoriet. Eg har også mulegheit til å bli prosessoperatør. Jobbmulegheitene er gode både her i Sauda og andre stader, fortel han.

Oljeindustrien er målet

Johansen er oppvaksen i Sauda, og han fortel at industrien alltid har vore ein fascinasjon. At han har valt å sikte mot ei yrkeskarriere i denne sektoren, er heilt naturleg. Likevel er det ikkje nærleiken til potensielle jobbar som har motivert han til å gå denne vegen.

– For meg handlar dette om fleire ting, og aller viktigast er det at jobben skal vere noko eg gler meg til kvar dag. Å tene godt eller ha andre gode vilkår hjelper lite om ein ikkje jobber med noko ein liker. Mitt høgaste mål yrkesmessig er å jobbe innan oljeindustrien. Der ventar mange interessante jobbar, mulegheit for veldig god løn og ferievilkår, fortel han.

17-åringen har valt å ta den vidaregåande skulen på heimstaden, og han skildrar eit godt klassemiljø og god trivnad.

– Gode lærarar er viktig. Dei er både faglege støttespelarar, men også gode å ha som rådgivarar til andre ting i livet. Eg er veldig fornøgd med den oppfølginga vi får. Om eg skal gi noko råd til ungdom som skal velge vegen inn i den vidaregåande opplæringa, så må det vere å prioritere si eiga meining framfor å la seg påverke av andre. Ein skal jobbe mesteparten av livet, og då må ein trivast, seier han.

Når Phillip Johansen er ferdig med VG2, ventar VG3 med lærlingtid og arbeidspraksis i bedrift.

Awrin Shukri Hambasho. FOTO: Per Emil Skjelbred, Suldalsposten.

– Eg vil jobba i skule, barnehage eller SFO

Awrin Shukri Hambasho går i andre klasse på barne- og ungdomsarbeidar på Ølen VGS. Tidelgare har ho tatt helse og oppvekst i første klasse på Sauda VGS, men når dei ikkje hadde tilbod om barne- og ungdomsarbeidar, måtte ho i sumar søkja seg til Ølen.

Tekst/Foto: Per Emil Skjelbred, Suldalsposten.

– Eg måtte snakka med ein rådgjevar på Ølen, då fristen for å søkja eigentleg hadde gått ut. Han inviterte meg til skulen og etter møtet høyrte eg ikkje noko meir. Veka før skulen skulle starta fekk eg beskjed om at eg kom inn der. Nå har eg berre seks månader igjen på Ølen før eg skal ut i lære. Det gleder eg meg til.

Ho fortel at ho kan tenkja seg å jobba både i barnehage, på skule eller i SFO, men planen er å få seg generell studiekompetanse etterkvart. Då kan ho utdanne seg til barnehagelærar eller skuleassistent. Før den tid skal Awrin gjennomføra læretida. Den håpar ho å få på Sand, der ho bur saman med familien, som inkluderer to ungar, mannen og foreldra.

– Det er ikkje berre berre å pendla kvar dag. Viss eg nå får læreplass på Sand vil det vera betre for ungane mine. Eg har ein nydeleg familie som har støtta og hjelpt meg gjennom skulen. Og så har eg dei siste månadene òg fått hjelp frå naboen min Siri. Ho pendlar til Ølen tre dagar i veka, og då får eg sitja på. Dei andre dagane, og på veg heim etter skulen, tek eg bussen.

På spørsmål om ho vil anbefale fleire å velja fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid, svarar ho entusiastisk.

– Sjølvsagt! Me treng fleire folk både i barnehagar og som pedagogisk personell i skulen. Viss du er usikker og lurer på om dette er noko for deg er mitt beste råd å berre ta sjansen.

Arin Eirikssønn. FOTO: Per Emil Skjelbred, Suldalsposten.

Kjekt med noko innan realfag

Arin Eirikssønn går andre året på Sauda vidaregåande skule på realfagslinja. Han fortel at dette er kjekt å gå på skule i Sauda og at han trives med realfagslinja.

 

Tekst/Foto: Per Emil Skjelbred, Suldalsposten.

– Det eg likar med studiespesialiserande er at eg etterpå kan studere kva eg vil, så lenge eg har dei naudsynte faga. Planen er å studera, men eg veit ikkje heilt kva. Per nå så tenkjar eg at det hadde vore kjekt med noko innan realfag, til dømes fysikk eller kjemi. Eg trivs godt med dei faga i dag. Samstundes kan det òg vera aktuelt å gå ei heilt anna retning og studera noko meir samfunnsrelatert.

Korleis er det å gå på Sauda vidaregåande?

– Det er kjekt. Som elev blir ein sett av både lærarar og dei andre elevane og du får skapa gode relasjonar. Eg vurderte å gå på skule i byen, men landa på Sauda då dei hadde dei faga eg ville ta og så slapp eg å flytta så langt. Til Sauda kunne eg pendla, og nå har eg fått meg ein hybel her. Det er greitt at det ikkje er så langt heim, og at eg kan reisa dit når eg vil, fortel Eirikssønn og leggjar til at det heller ikkje er dumt at ein med hybel får sova litt lengre på morgonkvisten.

Til dei som nå skal søkja seg til vidaregåande har Eirikssønn nokre tydelege råd:

– Ikkje stress for mykje. Senk skuldrane. Gå ein runde med deg sjølv og spør: Kva er det eigentleg eg vil? Så tar du eit val basert på det. Hugs at det heller ikkje er farleg å ombestemma seg.