– Å bli meldt inn til KOFA  bekymrar ikke, å bli felt gir større grunn til bekymring, meiner rådmann Rune Kloster Tvedt. Nå har kommunen inngått avtale om kjøp av advokattjenester fra Karmøy.
– Å bli meldt inn til KOFA bekymrar ikke, å bli felt gir større grunn til bekymring, meiner rådmann Rune Kloster Tvedt. Nå har kommunen inngått avtale om kjøp av advokattjenester fra Karmøy. FOTO: Arkiv.

– Me er betre rusta til å følge lovverket

Kontrollutvalet ville vite kvifor Sauda kommune har problem med å etterfølge lov om offentlege anskaffingar. Rådmannen svarer at kompetansen nå er heva og at Sauda er betre rusta til å etterkome lova.

Dei siste par åra har Sauda kommune to gonger blitt felt i Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA). Kommunen har også avlyst eit par anbodskonkurransar fordi kommuneadministrasjonen har oppdaga at dei har gjort feil i anbodsprosessen. I tillegg har det vore misnøye blant enkelte lokale entreprenørar som har meint at Sauda kommune har vore uryddige i korleis dei praktiserer anbod. Ein del av den sistnemnte kritikken har ikkje kommuneadministrasjonen vore einig i.

Har inngått advokatavtale

Med bakgrunn i dette tok Kontrollutvalet i Sauda opp temaet i haust og bad rådmannen i Sauda svare på kvifor Sauda kommune har problem med å etterkome lov om offentlege anskaffingar.

Rådmannen i Sauda har nå svart Kontrollutvalet i Sauda.

– Sauda kommune har inngått avtale om kommuneadvokattenester med kommuneadvokaten i Karmøy. Det gjer at me har kortare veg for å få juridisk vurdering i samband med anskaffingar, opplyser rådmann Rune Kloster Tvedt.

Har gjennomført kompetanseheving

Vidare opplyser rådmannen:

– Me har gjennomført kompetanseheving for saksbehandlarar som arbeider med anskaffingar. Me har også fått på plass dedikert programvare for å gjennomføre anskaffingar. Me er betre rusta for å etterkomme lov om offentlege anskaffingar. Tid og kapasitet er likevel ein faktor som gir noko risiko for svakheit når det gjeld offentlege anskaffingar, seier rådmannen i sitt svar til kontrollutvalet.

– Ikkje uvanleg å bli meldt inn

På spørsmål frå kontrollutvalet om kvifor Sauda har hatt fleire KOFA-saker, svarer rådmannen at det å bli meldt inn for KOFA ikkje bekymrar han, sidan det ikkje er uvanleg at kommunar blir meldt inn for KOFA.

– Når Sauda kommune blir felt for anskaffingar i KOFA gir det større grunn til bekymring. Samtidig gir det grunnlag for læring og utvikling av våre prosedyrer for anskaffingar. Tiltaka me har gjennomført for å betre vår kompetanse og kvalitet for anskaffingar er basert på sak kor Sauda kommune blei felt av KOFA, opplyser rådmannen.

Samtidig påpeikar rådmannen at lovverket utfordrar Sauda kommune sitt ønske om å utvikle eit sterkt og variert næringsliv gjennom å tildele lokalt næringsliv offentlege oppdrag. Dette fordi lovverket tar utgangspunkt i at alle næringsaktørar skal ha same retten til å konkurrere om kontraktar i Sauda, sjølv om eit firma held til i ein annan del av landet.