Byråkratisk bakevje

Saudas mest snøsikre utfartsområde, Breiborg, ligg i praksis utilgjengeleg to månader i året.

Hyttefolk og andre friluftsentusiastar må mellom jul og vinterferie ta seg fram dei om lag fem kilometrane og 400 høgdemetrane frå bommen i Hellandsbygd på leigd snøskuter eller til fots, ofte på bar asfalt, i alle fall delar av vegen. Er det vêr- og føreforholda eller byråkratiet som er mest til hinder for å halda vegen til Breiborg vinteropen?

«Er det vêrforholda eller byråkratiet som er mest til hinder for å halda vegen til Breiborg vinteropen?»

I januar 2020 tok Ap-politikar Hallgeir Amdal opp Breiborg-problematikken under eventuelt-posten i formannskapet. Han såg for seg eit muleg spleiselag mellom kommunen, vegeigar Rogaland fylkeskommune, Breiborg hytteforening og Saudefaldene, som har fleire anlegg i området, som ein veg å gå. Responsen frå dei andre politikarane i formannskapet var positiv, og ordføraren ville følga opp saka og kontakta fylkeskommunen på jakt etter ei god løysing.

– Me er ein vinterdestinasjon. Me må kunna tilby folk snø. Breiborg har snø, konkluderte ordføraren då.

To år seinare, i slutten av januar 2022, er bommen i Hellandsbygd like stengt. Kommunen og fylkeskommunen har vore i møte, men utan å finna ei god løysing på utfordringa. Fylkeskommunen held døra open for dialog om samarbeid kring praktiske og økonomiske løysingar som skal til for å kunna halda vegen til Breiborg open heile året.

Foran kommunestyremøtet kommande onsdag har Ap ved Siv Hege Lund etterlyst ei løypemelding frå ordføraren om korleis arbeidet med heilårsopen veg til Breiborg går. Det er eit høgst relevant spørsmål ho kjem med. Ikkje bare fordi to år er urimeleg lenge å venta på ei skikkeleg tilbakemelding på eit konkret initiativ. Også fordi kommunen gjennom kommuneplanen vedtatt i 2020 skal «legga særskilt til rette for næringar som reiseliv, fritidsbustader/hytter…». På Breiborg blir det arbeidd med planar for ein ganske kraftig auke i talet på hytter i åra som kjem. Heilårsopen veg vil absolutt vera ein viktig faktor for å kunna tiltrekka seg nye hyttebyggarar.

«Brøyting og tryggleik kostar, men det bør vera muleg å komma fram til eit samarbeid»

Det er sjølvsagt ikkje bare å opna bommen og sleppa trafikken fri. Tryggleiken til dei vegfarande skal sjølvsagt vega tungt. Brøyting og tryggleik kostar, men det bør vera muleg å komma fram til eit samarbeid for å gjera kostnaden overkommeleg, til og med for ein kommune med utfordrande økonomi. Ny aktivitet på hyttemarknaden gir som kjent inntekter, også for kommunen.

To år er for lang ventetid for å få til ei avklaring i ei sak som bør kunna løysast relativt enkelt og utan for store kostnader. Denne saka bør ligga til behandling i kommunestyret før sommarferien.