Helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse om koronasituasjonen.
Helsedirektør Bjørn Guldvog på ein pressekonferanse om koronasituasjonen. FOTO: Terje Bendiksby / NTB

Isolasjonstida for koronasmitta kan bli korta ned

Fire dagars isolasjon for koronasmitta kan bli aktuelt i Noreg, seier helsedirektør Bjørn Guldvog. I dag er det seks dagars isolasjon for smitta.

– Det gjer vi ei løpande vurdering av, så det kan komme endringar òg på det i løpet av noka tid her i Noreg, seier Guldvog til P4.

I Danmark kan ein avslutte isolasjonen etter fire dagar dersom ein er symptomfri, og 1. februar gjenopnar landet.

Helsedirektoratet meiner at vi kan lette på tiltaka, men at ei full gjenopning er for tidleg mellom anna fordi auka smitte kan føre til høgt sjukefråvær. Ei forkorta isolasjonstid kan derfor vere ei god løysing, meiner Guldvog.

– Nytta med det vil jo vere å hindre at det blir eit veldig høgt fråvær på grunn av isolasjon. Men så vil jo det kunne innebere at nokre fleire blir smitta. Så blir det ei avveging av desse to forholda om når vi skal innføre ei slik ordning i Noreg, seier han.

(©NPK)