Når ein begynner å bli vaksen, trur eg at kjenslene av redsle og angst forandrar seg mykje. Då eg var yngre, hadde eg antakeleg dei same redslene som dei fleste andre. Vil eg lukkast i livet? Vil eg treffe kvinna i mitt liv? Vil eg klare meg økonomisk? Kjem Arsenal nokon gong klare å kome tilbake til toppen? Spørsmåla var mange, og mykje var i det blå.