Håvard Kolbeinsvik (16) sikra seg fleire norgescuppoeng etter helgas renn på Nannestad.
Håvard Kolbeinsvik (16) sikra seg fleire norgescuppoeng etter helgas renn på Nannestad. FOTO: Privat.

Debuterte i norgescuprenn som juniorløpar

Saudabuen Håvard Kolbeinsvik (16) går på skigymnas i Sirdal og satsar vidare på langrennskarrieren sin. Sist helg gjekk han tre norgescuprenn.

Sist helg blei Equinor Norgescup for junior arrangert på Åsen i Nannestad kommune. Håvard Kolbeinsvik, hedling som representerer Sauda idrettslag, deltok i dei tre renna som gjekk fredag, laurdag og søndag.

Til dagleg går han første året på skigymnas i Sirdal, og er med på Sirdal ski sine treningar og reiser. Kolbeinsvik deltar i klassen M17. Etter fredagens sprintprolog enda Kolbeinsvik på ein 44. plass av totalt 107 deltakarar. Filip Skari frå Nittedal IL vann denne sprintkonkurransen til slutt.

Laurdag var det 10 kilometer friteknikk. Her kom Kolbeinsvik på 41. plass av 120 deltakarar. Saudabuen var tre minutt og 38 sekund bak vinnaren, Jørgen Nordhagen frå NTG-L/Lier IL. Søndagens klassiske renn, 15 kilometer, blei vunne av Filip Skari. Her enda Kolbeinsvik på 69. plass, åtte minutt og 21 sekund bak. Her var det 98 løparar med i klassen.

Håvard Kolbeinsvik fekk i løpet av helga totalt 17 norgescuppoeng; sju i sprint og ti i distanserenn.