Den endelege investeringsavgjerda er rett nok ikkje venta før i 2023. Før det må det reknast ut kva den planlagde investeringa vil kosta og avklarast kva rammevilkår ein slik produksjon må forholda seg til. Konkretiseringa av ein framdriftsplan, investeringa som blir lagt ned planleggingsfasen og dei finansielle musklane som står bak prosjektet, gir samla sett likevel signal om at Sauda-samfunnet er nærare ei storetablering enn på ein god mannsalder.
«nærare ei storetablering enn på ein god mannsalder»
For lokale styresmakter er det sjølvsagt hyggeleg å oppleva å få gode skussmål for si mottaking av Hy2gen når sistnemnde banka på døra med ønske om ei muleg etablering. Nye arbeidsplassar har stått høgt på ønskelista i Sauda sidan smelteverket tok til å redusera arbeidsstyrken heilt tilbake på 1960-talet. Tilbakemeldinga frå Hy2gen stadfestar at noko blir gjort rett frå lokalt hald for å gjera seg attraktive. Iverson eFuels, som er namnet til den planlagde verksemda i Sauda, vil gi 50 arbeidsplassar pluss 100 indirekte arbeidsplassar, blir det opplyst.
«Nye arbeidsplassar har stått høgt på ønskelista i Sauda sidan smelteverket tok til å redusera…»
E. F. P. Co. Ltd møtte sannsynlegvis liten motstand då smelteverket blei reist på Klubben tidleg på 1900-talet. I ei lita, fattig jordbruksbygd, på ei tid då ordet miljøvern knapt nok fanst, var det lett å akseptera at velstanden også kom med nokre ulemper. Ettertida har vist at det også kunne vera farleg å arbeida ved eit mangansmelteverk.
Når det no blir planlagt eit fabrikkanlegg som mellom anna vil bruka inntil tre gonger så mykje straum som smelteverket, er det naturleg at saudabuen sit med mange spørsmål. Finst det til dømes farar ved drift av eit slikt anlegg? Kan ting gå i lufta? Vil det blir støy som er til sjenanse for omgjevnadene? Kva med lukt? Risikerer ein andre former for utslepp? Korleis vil transporten av det ferdige produktet gå føre seg? Og kva inneber det eigentleg at produksjonen vil følga nasjonale forskrifter, slik Hy2gen opplyser i pressemeldinga?
Oppdateringa om framdrifta i fabrikkplanane inneheld svært positivt nytt for Sauda, og den vidare utviklinga kjem til å bli følgt med stor interesse. Ei vellukka nyetablering vil også vera avhengig av at aktøren bak klarer å skapa seg eit positivt omdømme i nærmiljøet. Då er openheit kring planane på Birkelandsmoen også vidare i prosessen eit godt trekk.