Kåre Rød og Kjartan Fløgstad.
Kåre Rød og Kjartan Fløgstad. FOTO: Privat.

Ei god stund med Kjempekjekken i sogelaget

Det blir «mykje allslags» når Kåre Rød kjem til sogelaget tysdag. Då vil han presentere oss for ei heil rad av lokale litterære heltar frå Kjartan Fløgstad sitt romanunivers.

Vi får møte både Perry Moatræ, Pål Seland, Hertingen og Kjempekjekken Tråskår. Alle har dei tilknyting til heimbygda vår på eit eller anna vis, slik vi møter dei i Fløgstad-romanane gjennom dei siste femti åra.

– Eg har plukka ut romanar med mykje stoff frå Sauda. Det kan vere spennande å observere forfattaren sin grenselause kunnskap på så mange område. Men endå viktigare er hans evne til å fortelje både realistisk og fantasifullt med snodige språklege krumspring, humoristiske samanlikningar, blødmer og ordspel.

Kåre nemner romanane han vil innom. Både Fyr og flamme, Due og drone, Grand Manila, Kron og mynt, Dalen Portland og Rasmus inneheld alle eksempel på Kjartan sin morosame bruk av lokale namn på personar og stader.

Reidar Brendeland, no betre kjend som Vestlandsfanden, har sett «Ei god stund» som tittel på si musikalske tolking av Fløgstads tekstar.

– Eg trur det blir ei god stund med Kjartan sine tekstar, seier Kåre.

Og som vanleg i februarmøta i sogelaget, er det tid for årsmøte, med både rekneskap, årsmelding og val. Valkomiteen har truleg hatt ein enkel oppgåve, for alle dei spurde har takka ja til å stille til val. Så blir det opp til møtelyden å avgjere om dei er samde med valkomiteen.

Alle er velkomne til sogelagsmøte i Storesalen på Folkets Hus tysdag.