Straumprisgalloppen det siste halvåret har skapt trøbbel både for private hushald og for næringsliv. For eit land som i stor grad nyttar elektrisitet til oppvarming, blir det merkbart for mange når straumrekninga tømmer lommeboka, og vel så det, månad etter månad. Då seier folk ifrå, slik som fagrørsla inviterer saudabuen til å komma og vera med på i ettermiddag. Det er lett å slutta seg til organisasjonane si uro over mulege konsekvensar av dagens marknadsstyrte prisar, med utviklinga dei siste månadene friskt i minne.
«Straumprisgalloppen det siste halvåret har skapt trøbbel»
Fleire politiske parti har i løpet av vinteren tatt til orde for både toprissystem på elektrisk straum, det vil seia at straumen ein nyttar til varmekablane i innkjørselen eller i boblebadet på terrassen skal kosta meir enn den som går gjennom panelomnen på kjøkkenet, og for å innføra makspris på straum. Andre viser til Norges eksport av kraft og meir enn ymtar om at denne bør kontrollerast. Det blir også løfta fram behov for utbygging og effektivisering av vasskrafta, som trass alt står for 90 prosent av kraftforsyninga i Norge, for utbygging av vindkraft og for å greia ut thoriumkraftverk. Energiøkonomisering er sjølvsagt også tema i debatten i tillegg til kva me bruker og planlegg å bruka krafta vår til, som til dømes kryptomining i ein nedlagd kraftstasjon i Hellandsbygd.
«Ein løyser som kjent ikkje eit problem ved å flytta på det.»
For alle dei som slit med høge strømrekningar i dag, og dei er det ein del av, er det sjølvsagt ønskeleg med ei rask og enkel løysing på dei uakseptabelt høge straumprisane. Ein løyser som kjent ikkje eit problem ved å flytta på det. Politisk kontroll over krafteksporten kan godt vera ein del av ei god løysing, men ikkje dersom si slik tilnærming vil skapa problem andre vegen om Norge opplever nedbørsfattige år. Makspris høyrest forlokkande ut, men korleis verkar dette inn på økonomien i kraftselskapa dersom dei må kjøpa dyr kraft andre stader for å fylle sine leveringsforpliktingar? Kva skjer med eigarkommunane deira då? Og kva skjer viss maksprisen gjer det ulønnsamt å investera i ny, tiltrengt kraft? Endrar styresmaktene skatteregimet for kraftbransjen og rammar kraftkommunane den vegen?
Straum er utan tvil ei nødvendig vare som samfunnet vårt er avhengig av. Marknadsprisane denne vinteren skaper utfordringar for svært mange. Det er likevel viktig å ikkje skyta frå hofta for å finna ei kjapp og enkel løysing på problemet. Det kan i verste fall gjera vondt verre – på litt sikt.