Under straumprisdemonstrasjonen framfor Stortinget 20. januar heldt blant andre Bjørnar Moxnes (Rødt) appell.
Under straumprisdemonstrasjonen framfor Stortinget 20. januar heldt blant andre Bjørnar Moxnes (Rødt) appell. FOTO: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Straumprisdemonstrasjonar i heile landet tysdag

21 stader i Noreg blir det demonstrasjonar for meir politisk styring av kraftmarknaden tysdag.

Demonstrasjonane blir organiserte av ei rekkje fagforeiningar som saman har starta Industriaksjonen, skriv Klassekampen.

Hovudkrava deira er stans i krafteksporten når det er lite vatn i magasina, at Noreg går ut av EUs energibyrå Acer, og at det blir makspris på straum for hushaldningar og føreseielege prisar for næringslivet.

I 21 byar i ti av dei elleve fylka i landet skal det arrangerast fakkeltog for politisk kontroll over kraftressursane. Fleire stader har dei òg støtte frå andre organisasjonar, og i Trondheim stiller SV, MDG og Arbeidarpartiet seg bak demonstrasjonane.

Også 20. januar var det store demonstrasjonar rundt omkring i landet i samband med høge straumprisar.

(©NPK)