– Uavhengig av krigsutfallet og Putin si framtid i Kreml kjem sikkerhetssituasjonen i Norge til å vera kraftig forverra i lang tid framover, skriv kronikøren.
– Uavhengig av krigsutfallet og Putin si framtid i Kreml kjem sikkerhetssituasjonen i Norge til å vera kraftig forverra i lang tid framover, skriv kronikøren. FOTO: Illustrasjonsfoto: Colourbox.

– Invasjonen viser at demokrati og fred er noko me må kjempa for 

Invasjonen av Ukraina viser den brutale sanninga om internasjonal politikk: Me har køyrereglar, men ingen har myndighet til å straffa politiske leiarar som bryt reglane.

Invasjonen var uventa. Likevel er det frå eit statsvitskapleg perspektiv ikkje overraskande at det er ein leiar som Putin som bryt reglane ved å gå til krig. Putin har gjort Russland om til eit personalistisk diktatur, slik Sovjetunionen var under Josef Stalin og Irak var under Saddam Hussein. Slike autoritære leiarar går oftare til krig enn leiarar i demokrati, som Norge, eller i autokrati som er styrt av ei gruppe likeverdige, som Kina i tida mellom styret til Mao og nåverande leiar Xi Jinping.

«I personalistiske regime har diktatoren samla det meste av makta på eigne hender og omgir seg med «Ja-menn» som ikkje vil eller torer seia noko som ikkje passar inn i leiaren sitt verdsbilde.»

I personalistiske regime har diktatoren samla det meste av makta på eigne hender og omgir seg med “Ja-menn” som ikkje vil eller torer seia noko som ikkje passar inn i leiaren sitt verdsbilde. For Putin betyr det to ting. For det første er sjansen for at han blir kasta ekstremt liten, nesten uansett kor håplause innfall han har. For det andre er informasjonen Putin har tilgang til, ekstremt dårleg, fordi ingen av hans «Ja-menn» ønsker å gi han dårlege nyheiter eller kritikk. At Putin sin informasjon er særs dårleg, er i dag innlysande. Etter alle solemerke trudde han at invasjonen av Ukraina skulle gå kjapt og enkelt, sjølv om russiske militærstrategar og etteretningsbyrå heilt sikkert visste at invasjonen ville by på store problem.

Ut frå eit slikt perspektiv kan ein seia at krigen i stor grad er ein konsekvens av politisk vanstyre. Og det er stor sjanse for at krigen i Ukraina kan dra ut i tid. Samstundes er det vegar utanom ein lang varm krig i Ukraina og påfølgande kald krig mellom eit demokratisk vest og eit autokratisk aust. Kva innsikt kan statsvitskapleg forsking gi i denne situasjonen?

Folkeleg opprør, motstand frå eliten og tap i Ukraina

Det er nokre teikn på at Putin sitt grep om makta er svekka som følge av invasjonen. Dei viktigaste signala kjem frå det russiske folket. Trass i stor risiko for eige liv og helse har russarar tatt til gatene i over femti byar for å protestera mot invasjonen. Over 4 000 har blitt arrestert, men protestane veks framleis. Det er oppsiktsvekkande at så mange viser motstand i eit regime som er så undertrykkande og som ikkje skyr bruk av vald. I tillegg har fleire kjende russarar gått ut mot invasjonen. Tennisstjerna, Andrej Rubljov, skreiv “no war please” på kameralinsa under kamp. Medlemmer av kultureliten som tidlegare har unngått politiske emne eller aktivt støtta Putin, har tatt avstand frå krigen.

Det er ikkje utenkeleg at protestane kan utvikla seg til eit folkeleg opprør som har som mål å styrta Putin. I ein slik situasjon kan det bli fristande for oligarkar, ministrar og generalar, som allereie er hardt råka av sanksjoner, å venda seg mot Putin, slik den egyptiske eliten gjorde då Mubarak blei styrta under den arabiske våren.

Eit mogleg tap i Ukraina kan auka motstanden blant folk og elite i Russland. Forsking tyder på at personalistiske diktatur oftare taper krigar enn andre politiske regime. Årsaka er, som eg skriv ovanfor, ofte at avgjerda om å gå til krig blir tatt av ein person med partisk og avgrensa informasjon om verkelegheita. Rapportar om motstandsvilje og høg moral blant ukrainske soldatar og låg moral og dårleg logistikk på den russiske sida vitnar om at Putin kan risikera eit nederlag sjølv om den russiske militærmakta er overlegen.

Kva betyr krigen for folk i Sauda og i Norge?

Uavhengig av krigsutfallet og Putin si framtid i Kreml kjem sikkerhetssituasjonen i Norge til å vera kraftig forverra i lang tid framover. I Aftenposten 6. mars skreiv Erika Fatland at «Det har alltid vært farlig å være Russlands nabo. Av de fjorten nabolandene er det bare ett som aldri har vært i krig med eller okkupert av Russland: Norge.” Eg vil legga til at det ikkje er “russerar flest” sin feil. Men Russland har aldri vore demokratisk, og det er farleg å ha eit diktatur som nabo. Eit av dei klaraste empiriske funna i freds- og konfliktforskinga er at to demokrati sjeldan går til krig mot kvarandre. Sikkerhetssituasjonen i vårt geografiske nabolag kjem altså ikkje til å endra seg mykje før Russland går gjennom ein genuin demokratiseringsprossess. Demokratiseringsforskinga viser at det ofte er ein lang og turbulent veg frå autokrati til demokrati, blant anna med større risiko for borgerkrig.

Sikkerhetssituasjonen har noko å seia for folk i heile Europa, også innbyggjarane inst i Ryfylke:

– Alle bør ha beredskap til å klara seg i ei krise, til dømes vatn og førstehjelpsutstyr. Sjå nettsida til direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap for meir informasjon: https://www.dsb.no/.

– Krigen i Ukraina kan ha stor innverknad på etterspørselen etter energi i Europa. Russland er ein stor eksportør av olje og gass, spesielt til Tyskland. Leveransen av olje og gass er det no stor usikkerhet om. Det kan føra til økte energiprisar.

– Dei norske politiske partia kjem til å vurdera sine standpunkt på blant anna forsvar og internasjonalt samarbeid. Årsaka er enkel: Verda som eksisterte før 24 februar 2022, er borte, og me står i ein ny situasjon. Dei siste dagars debatt om NATO-medlemskap i Sosialistisk Venstreparti er byrjinga på denne store nasjonale debatten. Det kan derfor vera eit passande høve for kvar enkelt til å vurdera sine eigne politiske standpunkt på desse områda.

– Invasjonen av Ukraina viser at demokrati og fred er noko me må kjempa for. Jo fleire som støttar opp om demokratiet og viser motstand mot invasjonen, jo betre rusta er Norge i denne nye tide. Ein kan fundera på følgande spørsmål: Kva kan eg gjera for å forbetra og støtta demokratiet i Sauda og Norge? Kva kan eg gjera for dei menneska som er på flukt frå krig, anten i Ukraina eller andre land?

Espen G. Rød. FOTO: Privat.