Påskeferie er hytteferie for mange nordmenn.
Påskeferie er hytteferie for mange nordmenn. FOTO: Ingvil Bakka/arkiv.

Slik sikrar du hytta mot brann i påsken

Påskeferie er også hytteferie for mange nordmenn. Her er brannvesenets sjekkliste for å få ei brannsikker hytte.

I Sauda brannvesen sitt nedslagsfelt er det 1285 fritidsbustader. Mange skal bruke hytta i påskeferien. Sauda brannvesen ber nå hytteeigarar spandere nokre minutter på å få ei meir brannsikker hytte.

Det aller viktigaste ifølge brannvesenet er å sjekke at røykvarslaren fungerer. Har ein ikkje ekstra batteri på hytta, kan det vere smart å føre opp dette på handlelista.

Mange hytter ligg langt frå bilveg. Det vil derfor ta tid før ein kan få hjelp frå brannvesenet når næraste bilveg er langt vekke.

Her er brannvesenets sjekkliste for å få ei meir brannsikker hytte:

  • Sjekk røykvarslarane kvar gong hytta skal bli tatt i bruk
  • Ha alltid ekstra batteri i reserve
  • Sørg for rikeleg tilgang til slokkeutstyr
  • Gå aldri frå levande lys
  • Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ
  • Deponer og kast askeavfall på ein forsvarleg måte
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk
  • Vær ekstra varsom ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamleg
  • Bruk godkjende fagfolk til utbetringar som krev dette