Ryfylke

Prøv deg på Ryfylkes påskequiz!

Påske er tid for quiz! Her får du Ryfylkes påskequiz – heilt gratis. Lukke til!

Kva var det no hen heitte, igjen?

1 Kva er namnet til den berømte sykkelreparatøren i Flåklypa?
2 I 1999 slo ein norsk popduo som kalla seg M2M gjennom. Kva heitte dei to artistane i duoen?
3 Ved Smedasundet står ein statue av skodespelaren Norma Jeane Mortenson. Dei fleste kjente henne imidlertid som…?
4 Farrokh Bulsara heitte han eigentleg. Men kva var artistnamnet til denne Zanzibar-fødde verdsstjerna, som mellom anna var kjend som vokalist i eit britisk band med kongelege referansar?
5 Katheryn Elizabeth Hudson er kjend for monsterhitar som «Varm og kald», «Brøla» og «Eg kyssa ei jente», på hennar eige språk, då, sjølvsagt. Kva er artistnamnet hennar?
6 Ein av verdas mest kjende fotballspelarar hadde Edson Arantes de Nascimento som døypenamn. Som fotballspelar oppnådde han å vinna VM tre gonger. Kva namn var han kjend under på fotballbanen?
7 «I’m a fallen angel» song «Tix» i MGP i 2021. Kva er det eigentlege namnet til artisten?
8 Hellbillies har i meir enn tre tiår turnert norske landevegar, og oppnådd stor suksess med låtar som «Den finaste eg veit» og «Krasafaren steinbu». Kva heiter vokalisten i bandet?
9 Fødd Gro Eva Farseth, i Oslo i 1943, seinare kjend som fransk politikar, jurist og korrupsjonsjeger. Kva heiter ho i dag?
10 Kva heiter partileiaren i Venstre?

Stortinget

1 Kor mange representantar har det norske stortinget?
2 Fram til 2009 var stortinget delt i to avdelingar. Kva heitte desse?
3 Stortingets presidentskap består av stortingspresident Masud Ghararkhani og kor mange visepresidentar?
4 Ein nåverande stortingsrepresentant er valt inn ni gonger og toppar med det lista blant kvinner som er valt inn flest gonger. Kven er dette?
5 Inneverande stortingsperiode er totalt ti politiske parti representert. Klarer du namnet på alle ti?
6 Kva parti er eldst av Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet (oppr. Bondepartiet)?
7 Ein periode i 1952 hadde Sauda tre møtande stortingsrepresentantar. Frå kva parti kom dei tre?
8 Kva heiter ordninga som skal sikra større samsvar mellom talet på stemmer eit parti får ved valet og kor mange representantar dei får i nasjonalforsamlinga?
9 Kva nemning, med eit tal involvert, blir nytta om private forslag reist av stortingsrepresentantane?
10 I desember 2019 var «Ja vi elsker» tema i Stortinget, og det blei fatta eit vedtak der songen inngjekk. Kva gjekk vedtaket ut på?

Rekruttklassen

1 Kva heiter broren til Peppa Gris?
2 Kva heiter fargen rosa på engelsk?
3 Kva heiter dalmatinaren i Paw Patrol?
4 Kva heiter månaden som kjem etter april?
5 I kva månad feirar me jul?
6 Kva for fire fargar har korta i kortspelet Uno?
7 Kva heiter kongen i Norge?
8 Kva farge har vanlegvis ein tomat?
9 Kva heiter kompisen til Zook, han som er så glad i saltstenger?
10 Kva er ein kantarell?

Bare nesten størst

1 Kva by er Sveriges nest største?
2 Kva heiter verdas nest høgaste fjell?
3 Kautokeino er Norges største kommune, målt i areal. Men kven er nummer to?
4 Kva fotballag var Norges nest beste i 2021-sesongen?
5 I 2020 var Amazon verdas mest verdfulle merkevare. Men kva merkevare var nest mest verd?
6 Viss ein tar med eit såkalla «utvida storbyområde», kva by er verdas nest største, etter folketal?
7 Kva for ein hakkespett er den nest største du kan treffa på i Norge?
8 Kva engelsk lag har den nest største supportarklubben i Norge, målt etter talet på medlemmer?
9 Marit Bjørgen er verdas mestvinnande vinterolympiar. Kven er nummer to på lista?
10 Ei lita nøtt til slutt: Kva land er, i følgje «Monty Python» nest best (ironisk), etter Belgia («a poor second to Belgium») når det kjem til attraktive reisemål utanlands?

Lokalkjendisar

1 Ein saudabu blei i november 2020 tilsett som sjefen til dei meir enn 21 000 tilsette i Equinor. Kva heiter han?
2 Kva heiter hamarsingen som frå 1960 i nær 30 år dreiv Kløver hotel & kafe?
3 Toppscoraren på Saudas framgangsrike damelag i handball i 1979 hevda seg seinare sterkt som styrkeløftar, utdanna seg til politi og er i dag administrasjonssjef i Jernbanedirektoratet. Kva er namnet?
4 Kva heiter den kjende Etne-forfattaren som for rundt 60 år sidan var tilsett som lærar ved Birkeland skule?
5 Kva heiter den lokale trubaduren bak songar som «Gamle fjordsol» og «Heim te Sauda»?
6 Ein av direktørane ved Sauda smelteverk blei seinare ordførar i Farsund, rådmann i Trondheim og statsforvaltar i Agder? Kva heiter han?
7 Kva heiter Saudas første kvinnelege ordførar?
8 Alle Saudas tre barneskular har i dag kvinneleg rektor. Kva heiter dei?
9 Kva heitte saudakvinna som på 1990-talet hausta gode kritikkar for sol-ovnen ho hadde funne opp?
10 Han avslutta yrkeskarriera si på smelteverket, men var mellom anna distriktslege i Kautokeino og fylkeslege i Finnmark før det. Kva heitte denne hedlingen, som også fekk kongens fortenestmedalje i gull?

Land og strand

1 I kva tettstad ligg administrasjonssenteret til Ullensvang kommune?
2 På kva øy ligg det meste av Fitjar kommune?
3 «Denne steinen hev Sterke Nils lyft», står det på ei metallplate på den 570 kilo tunge steinen denne kjempa skal ha løfta. Kor kan du sjå nærare på denne steinen, og eventuelt prøva kreftene?
4 Ved kva for ein tettstad på Vestlandet ligg Palmafossen?
5 Kva er namnet på den vesle øya i Trondheimsfjorden der det både har vore kloster, festningsanlegg og fengsel?
6 E6 startar i dag i Trelleborg sør i Sverige og går nordover. Kor endar vegen med dette nummeret?
7 «Skibladner» som går i sommartrafikk på Mjøsa er verdas eldste skip i rutegåande trafikk. Kor er heimehavna til skipet, der «Mjøsas kvite svane» også ligg i vinteropplag?
8 Kva heiter jernbaneknutepunktet øvst i Gudbrandsdalen der norske styrkar kjempa mot tyske fallskjermsoldatar 14. – 19. april 1940?
9 Kva heiter distriktet og dalføret i Innlandet der Fagernes er regionsenter?
10 I kva norsk by kjem Laagendalsposten ut?

A-geografi

1 Kva heiter hovudstaden i Nederland?
2 Og kva by er hovudstad i Jordan?
3 Kva heiter kommunen i Østerdalen Kjell Aukrust kjem frå?
4 I kva for ein by held Statsforvaltaren i Agder til?
5 Kva heiter fjellkjeda som strekker seg 1 400 kilometer langs austkysten av Italia?
6 Kva heiter øya i San Fransisco-bukta der det tidlegare var eit berykta fengsel, nå fengselsmuseum?
7 Kva heiter hovudstaden på Madagaskar?
8 I kva for eit land heiter hovudstaden Yerevan?
9 Kva by er delstatshovudstad i Texas?
10 30. mars 1867 kjøpte USA eit landområde av det russiske keisardømmet for 7,2 millionar dollar. Kva landområde var dette?

Påskemix

1 Til kva for land høyrer Påskeøya?
2 Kva for dag er det som alltid landar på «første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn»?
3 Først var det Roald Øyen, seinare har Øystein Bache og Rune Gokstad overtatt jobben som vertskap for kva for eit NRK1-program?
4 Kva heiter juveleren som for litt over 100 år sidan laga fleire juvelbesette påskeegg til den russiske tsaren?
5 «Kor ska vi reis hen» har Viggo Valle spurt radiolyttarane om sidan 1987. Kva heiter programmet?
6 Kven var det ifølge soga Pontius Pilatus sette fri i staden for Jesus?
7 Kva for ein dag i påsken reiser mange nordmenn på «harrytur» til Sverige?
8 Kva heiter langfredag på engelsk?
9 Egg skal vera sunt, det inneheld «alt», utanom kva for vitamin?
10 Kor kjem appelsinen opprinneleg frå?

Fasit:

Kva var det no hen heitte, igjen?

1) Reodor Felgen 2) Marit Larsen og Marion Ravn 3) Marilyn Monroe 4) Freddie Mercury 5) Katie Perry 6) Pelè 7) Andreas Haukeland 8) Aslag Haugen 9) Eva Joly 10) Guri Melby.

Stortinget

1) 169 2) Lagtinget og Odelstinget 3) Fem 4) Erna Solberg (H). 5) Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet dei grøne, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus. 6) Senterpartiet (stifta 1920; KrF 1933) 7) Ap (Jacob Remseth), KrF (Kjell Bondevik) og Høgre (Ingvald Ellefseth). 8) Utjamningsmandat 9) Dokument 8-forslag 10) Ja, vi elsker blei anerkjend som Norges offisielle nasjonalsong.

Rekruttklassen

1) Georg 2) Pink 3) Marshall  4) Mai 5) Desember 6) Raud, gul, grøn og blå 7) Harald 8) Raud 9) Kash 10) Ein sopp

Bare nesten størst

1) Gøteborg 2) K2 3) Karasjok 4) Molde 5) Apple 6) Jakarta 7) Grønnspett (Svartspetten er størst) 8) Manchester United (Liverpool er på topp) 9) Ole Einar Bjørndalen 10) Finland (I «The «Finland song»

Lokalkjendisar

1) Anders Opedal 2) Per Einar Ellingsen 3) Hege Gro Høiland 4) Ingvar Moe 5) Nils Kristen «Nilsemann» Herheim 6) Stein A. Ytterdahl  7) Anne Marie Brekke (Sp) 8) Vibecke Håheim (Risvoll skule), Ellen Tveit Tangeraas (Fløgstad skule) og Ingunn Svandal (Austarheim skule) 9) Signe Marie Aardal 10) Kolbjørn Øygard.

Land og strand

1) Odda 2) Stord 3) Seljord (ved Seljord kyrkje) 4) Voss 5) Munkholm (også kalla Nidarholm i tidlege skrifter) 6) Kirkenes 7) Gjøvik 8) Dombås 9) Valdres 10) Kongsberg

A-geografi

1) Amsterdam 2) Amman 3) Alvdal 4) Arendal 5) Appenninnane 6) Alcatraz 7) Antananarivo 8)Armenia 9) Austin 10) Alaska

Påskemix

1) Chile 2) 1. påskedag  3) Påskenøtter 4) (Peter Carl) Fabergè 5) Påskelabyrinten 6) Barabbas 7) Skjærtorsdag 8) Good Friday 9) C-vitamin 10) Kina