Astrid Øyre Slind kjem til Hovlandsnuten Opp.
Astrid Øyre Slind kjem til Hovlandsnuten Opp. FOTO: Pressefoto.

Årets vinnar av Vasaloppet og Birken til Hovlandsnuten Opp

Astrid Øyre Slind påmeldt til årets store løpsfest i Saudasjøen.

Om ein dryg månad møtest landets motbakkeelite til kamp om heider, ære og NM-medaljar i Hovlandsnuten Opp.

Denne veka blei det klart at også årets vinnar av kvinneklassen i Birkebeineren, Astrid Øyre Slind, kjem til Saudasjøen for å gi seg i kast med dei 6,7 kilometrane og 900 høgdemetrane frå Risvoll skule til Hovlandsnuten. Oppdal-kvinna høyrer til verdseliten i langløp på ski, og sikra seg i år tredjeplassen i langløpscupen der ho mellom anna gjekk heilt til topps i Birkebeinaren, Vasaloppet og Årefjällslopet.

Ifølge løpsgeneral Per Inge Fjellheim kan det fort dukka opp fleire kjende namn på startlista etter kvart som det nærmar seg løpsdagen 11. juni.

Så langt er mellom andre andremann frå 2010, Øyvind Heiberg Sundbye, Tjalve, å finna på lista. Det same er toar i kvinneklassen i 2019, Hilde Aders frå Kvæfjord.